Frå innsida av eit manisk sinn

LITTERATUR OG PSYKIATRI: Han har vore innelåst og tvangsmedisinert. Han har rømt frå eit psykiatrisk sjukehus. No har Helge Ferstad skrive bok om å vere manisk.

– Utan kona mi ville eg vore død, seier Helge Ferstad.

Han gret stille. Takksemda overfor kvinna som har elska og støtta han i snart førti år, er så stor at han knapt klarer å uttrykke det. Omtrent like lenge har 60-åringen hatt diagnosen bipolar 1, tidlegare omtalt som å vere manisk depressiv.

Ferstad har vore tvangsinnlagt elleve gonger. Den første gongen var kona gravid med den eldste av dei tre sønene deira. Ho fødde mens ektemannen var på dagspermisjon frå eit psykiatrisk sjukehus. Elleve år seinare kom politiet heim til familien og henta Ferstad på nytt. Då hadde ekteparet tre små gutar.

Det har vore mange tøffe tak. Men kona Kjellaug er blitt verande. Ho har kome på besøk på institusjonen. Stått og tatt imot mannen med opne armar når han har komme heim etter innleggingane sine.

– Det er når du opplever å bli elska ... det er då du vil forsøke å leve, seier Helge Ferstad.

Utan kona mi ville eg vore død

—  Helge Ferstad

Krevjande periodar

Kjellaug Sørli Ferstad sjølv er tydeleg på at det har vore mange vanskelege periodar. Særleg då borna var små, var det krevjande når mannen var sjuk.

– Det blir på ein måte eit einsamt liv. Første gongen ante eg ingen ting om kva sjukdommen innebar. Sjølv gjekk eg høggravid. Eg måtte berre stå i det, fortel ho.

Etter at mannen blei frisk igjen første gongen, gjekk det ti år før han blei dårleg på nytt. Ho hadde tenkt at dei var ferdig med sjukdommen – noko dei absolutt ikkje var.

– Det har vore ei berg-og-dal-bane. Dei vanskelegaste periodane for min del har vore når manien er i oppsving. Etter kvart laga vi ein avtale som letta det litt, at eg skulle seie ifrå når eg merka noko. Det var godt, for å seie det rett ut, når han blei innlagt og eg fekk ein pause, seier Sørli Ferstad.

Helge Farstad

Periodane etter innleggingane til mannen har også vore tøffe.

– Men grunntonen hos meg har vore at det går over. Det vil bli bra! Og vi er glade i kvarandre – desse to tinga har bore meg igjennom det, seier ho.

Lova at han skulle skrive bok

Kjellaug Sørli Ferstad er også glad for det som skjedde denne sommaren. Mannen har nettopp gitt ut bok om erfaringane sine som manisk. Berre mani-delen av sjukdommen, ikkje depresjonsdelen – mani er det skrive mykje mindre om enn depresjon. Tittelen på den nyleg utgjevne boka er Det dagblinde Folket, som ber i seg ein kritikk av tvangsbruk og tvangsmedisinering i psykiatrien.

– Eg sa det allereie den første gongen eg fekk ei sprøyte i rumpa: Dette skal eg skrive bok om, seier Helge Ferstad.

Førti år seinare har han altså innfridd løftet. Dei to nemnde tvangsinnleggingane er ein viktig del av stoffet i boka. I tillegg skildrar Ferstad dei maniske periodane sine på brutalt ærleg vis, med situasjonar som kan vere sterkt blamerande. Han unnslår til dømes ikkje at han i aggresjon ein gong urinerte på gravsteinen til to avdøde brør.

Andre hendingar er meir sympatiske, som at han dreg på spontan dagstur til hovudstaden og bruker opp alle pengane sine på bøker. Ferstad må tigge for å komme seg heim att og held på å bli slått ned av ein pønkar på gata.

Blant dei småhumoristiske skildringane er også episodane der han gir seg ut som handelsreisande innan møblar, og ikkje minst når han opererer som privatpraktiserande trafikkpoliti: Med stor iver følgjer han etter og stoppar bilistar som får tilsnakk for å køyre for fort.

– Eg held også foredrag på høgskular om bipolar liding, og då forventar eg litt humring. I psykosen trudde eg at eg var politi. Eg følte at eg tok eit samfunnsansvar og gjekk inn for å regulere trafikken. Det er absolutt grunnlag for å dra på smilebandet, seier Ferstad.

Helge Farstad

Vaks opp på bedehuset

Ein annan episode han sjølv synest er morosam, er då han rømte frå det psykiatriske sjukehuset med buss. Ei lang stund var han på frifot – med den fridomskjensla og lukkekjensla det innebar – før bussen omsider blei stoppa og han blei henta ut av politiet.

– Men det er klart det er forstemmande at eg blei stoppa, rett ved eit bedehus, seier Ferstad.

Han er sjølv vaksen opp i eit bedehusmiljø og er bror av Gunnar Ferstad, som er ein kjent person i Bedehus-Noreg og var rektor på Bildøy bibelskule i mange år. Gunnar Ferstad, som nyleg blei tilsett som pastor i indremisjonsforsamlinga Straume Forum på Sotra, har vore ei viktig støtte for at Det dagblinde Folket skulle komme ut som bok. Den påtroppande pastoren er full av lovord når Vårt Land får tak i han for å høyre kva han tenker om boka til bror sin.

– Det er ei svært sterk og sjølvutleverande bok, som gir eit godt gløtt inn bak dei låste dørene i psykiatrien. Ei naken og hudlaus forteljing om eit liv mange har lite innsikt i, seier Gunnar Ferstad.

– Det kanskje aller sterkaste er ropet om å bli tatt på alvor som eit menneske i ein situasjon der du er prisgitt nøkkelknippet til helsearbeidarane.

GLAD: – Først og fremst er det gledelig med så god søkning, men vi er nå helt på grensa for hvor mange vi kan ta imot, sier Bildøy-rektor Gunnar Ferstad.

Skriv mykje om lite

– Korleis har du opplevd skriveprosessen, Helge Ferstad; å gå inn att i og skrive om erfaringane dine som manisk?

– Eg har prøvd å skrive mykje om lite. Det er ikkje så mange månader av livet mitt som blir omtalt. Skrivinga har likevel vore terapeutisk fordi eg gjennomreflekterer kva som skjedde i dei ulike episodane. Det krevjande har vore alle spøkelsa i skapet som kjem fram, seier forfattaren.

Ferstad omtalar skrivinga som å vere på fisketur – brått får du napp. Etter kvart som han dreg inn snøret, kan han bli usikker på om han har drøymt det eller opplevd det. Trass i den skjønnlitterære stilen skildrar boka likevel faktiske hendingar, sjølv om Ferstad seier at det ikkje er han sjølv som sit i førarsetet – det er historia som dreg han vidare.

Dette leier også fram til den brutale ærlegdomen i boka. «Sjølvutleverande og med stor integritet», skriv forfattar og psykiater Arne Ruset på baksida av boka – og følgjer opp med at Det dagblinde Folket burde bli pensum for alle som har arbeidet sitt innan psykisk helsevern.

Blei låst inne

For Helge Ferstad var møtet med psykiatrisk avdeling for førti år sidan eit sjokk.

– Eg blei innelåst og sett saman med menneske som bar preg av lobotomi. Det var framandgjerande. Eg måtte lære meg korleis det var å vere pasient, seier han.

Etter at han kom ut igjen, tok han utdanning som sjukepleiar – med mål om å redde psykiatrien – men opplevde etter kvart å møte seg sjølv i døra. Det blei for vanskeleg å jobbe med menneske som kunne vise seg å vere folk han sjølv han vore tvangsinnlagt saman med.

– Elleve år etter den første innlegginga, sa det pang igjen. Eg var småbarnsfar og hadde ulike leiarroller på bedehuset. Brått kom eg tilbake til ein stad der eg på ingen måte hadde tenkt meg tilbake, fortel han.

Ferstad trudde at han skulle klare å meistre den nye tvangsinnlegginga fordi han «kunne» reglane frå sist.

– Men når du blir innelåst, og du stangar og vil ut til ei kvar tid, så skjer det noko med sinnet ditt. Det at andre fortel deg kva som er best for deg... Eg var 34 år, styrte mitt eige hus og hadde eigne barn eg tok ansvar for. Så blei eg sjølv brått behandla som eit barn. Då kom også aggresjonen, fortel han.

Helge Farstad

Ber om større tolsemd

Med boka håper han blant anna å vise kor viktig det er med gjensidig respekt i psykiatrien. Det er ikkje alle psykiatriske helsearbeidarar han meiner er «dagblinde» – han har sjølv møtt folk han har fått stor tillit til.

– Eg påstår heller ikkje at tvang aldri bør nyttast. Men slik eg ser det, er det viktigaste for ein manikar er å bli handsama med tolsemd, at ein får tid på seg til å bli betre, i staden for å bli tvangsmedisinert med antipsykotikum. Mi erfaring er at antipsykotikum har uheldige biverknader, som gir sterke kroppslege ubehag. Mest alvorleg er at dei i neste omgang fører til at ein går inn i ein depresjon. Eg vil heller site isolert og avsondra frå andre menneske nokre veker enn å bli tvangsmedisinert og sendt av stad igjen raskt, seier Ferstad.

Boka hans er likevel ikkje noka debattbok i og for seg. Ferstad legg vekta på å skildre opplevingane og erfaringane sine i manisk tilstand og under behandling. Hovudformålet er å dele av erfaringskunnskapen om ein alvorleg helsesvikt.

– Det eg ønsker meg, er dialog, seier han.

Dialogen har Ferstad vore i gang med lenge. Dei seinaste ti åra har han vore på fleire ulike utdanningsinstitusjonar og helseinstitusjonar for å snakke om erfaringane sine under foredragstittelen «Mitt liv som polfarar», noko han har opplevd som meiningsfullt.

– Tilbakemeldingane eg får frå studentar og helsearbeidarar er at dette er noko som er viktig for dei, seier han.

Helge Farstad

Fann nytt fotfeste i trua

Tematikken har han også brukt inn mot kristne forsamlingar. Korleis kan ein bygge fellesskap som er attraktive også for psykisk sjuke menneske?

– Det handlar om korleis vi kan vere deltakande på ein god måte, til dømes gjennom dei kreative evnene våre. Korleis kan den kristne forsamlinga vere opptatt av heile mennesket framfor å vere eit overflatisk interessefellesskap? Og korleis kan fellesskapet sjå på sjukdomserfaringar som ein styrke, ikkje som ei svakheit, seier Ferstad, som samtidig understrekar at psykisk sjukdom verken er ein ressurs eller noko lukrativt, og at han ikkje stiller seg bak dei som meiner at mani har positive trekk. «Gevinsten» for hans eigen del er sjølvinnsikten han har tileigna seg gjennom ei årrekke med psykodynamisk terapi.

Gudstrua hans er blitt radikalt utfordra gjennom den psykiske sjukdommen. I mange år var Gud heilt borte.

– Alt eg sjølv hadde preika om på bedehuset, var fullstendig vekke, seier han.

I 40-årsalderen, etter ein lengre depresjon, fann han nytt fotfeste, med det han omtaler som ei ny tenking rundt det å tru. Trua handlar no for Ferstad meir om å lytte til tanken, enn å søke handlingar prega av plikt.

– Oppdaginga av at det å tru er det einaste rette, var nok. Erkjenninga av at livet ikkje let seg forklare, opna for trua på mysteriet, seier han.

Omlag ti år seinare starta han med å skrive religiøse refleksjonar knytt til søndagens preiketekst i Den norske kyrkje. I fem år skreiv han slike refleksjonar og posta dei på facebook-sida si. Slik fann han tilbake til eit enkelt bibelstudie. Kvar dag las han evangelieteksten for kommande søndag. Kvar laurdag skreiv han ein enkel tekst.

– Trusprosjektet mitt blei å finne meg sjølv i bibelteksten – kanskje inspirert av terapien, der ein også leitar i seg sjølv, seier han.

Helge Farstad

Lar seg legge inn frivillig

For tida er han ikkje i ein aktiv sjukdomsfase, men han kan ikkje vere heilt trygg på at det aldri vil skje igjen. Når han eller Kjellaug merkar at han er på veg til å bli dårleg – sist gong det skjedde var i 2017 – går han frivillig med på innlegging. Det gjer han for kona sin del, for at ho skal sleppe dei mest krevjande sjukdomsfasane.

– Ho har levd med mykje stress på grunn av tilstanden min, seier han.

– Når eg var aggressiv, kunne eg finne på å seie til henne at det var ho som var sjuk og at det var ho som burde bli innlagt. Men vi elskar kvarandre, og då må vi innrette oss slik at det fungerer best mogleg for oss begge.

Ekteparet er fullt klar over at det er mange skilsmisser blant par i deira situasjon. Det har dei klart å unngå.

– Eg er jo veldig glad i han. Og dei gode periodane har vore veldig fine. Det har gjort det mogleg å stå i det. Eg har heller ikkje ønskt at barna skal ha skilte foreldre, seier Kjellaug Sørli Ferstad.

Gudstrua har for henne vore noko ho har kunna dele med mannen sin i dei friske periodane hans. Det har vore godt.

– Trua mi har eg hatt igjennom alt. Det har også vore godt å kunne be ei bøn til Gud når det har stått på som verst.

Helge Farstad

Drøymer om å bli møtt med respekt

Sørli Ferstad, som nyleg pensjonerte seg frå læraryrket, har lese korrektur på bokmanuset til mannen. Ho synest det er bra at han er så open.

– Det gjer det lettare for meg, òg. Eg har ikkje hatt eit behov for at alle skal vite kva vi har gått igjennom, men lenge var det eit problem å ikkje kunne fortelje. No har eg letta litt på sløret, seier ho.

Helge Ferstad håper at boka hans framover vil bli lesen både av pårørande – som ofte kan kjenne seg åleine med omsorga for psykisk sjuke – og av folk som jobbar innan psykiatrien. Han håper også at ho kan bli ein del av utdanningsgrunnlaget for nye helsearbeidarar.

– Draumen min, om eg blir innlagt på ny, er å bli møtt med respekt. At mine tidlegare erfaringar blir tatt til følgje på ein verdig måte, og at eg blir lytta til når eg fryktar biverknadene av antipsykotisk medisin. Slik oppnår pasient og hjelpar eit samspel. I dette samspelet kan pasienten finne tilbake til ein sinnsbalanse.

---

Helge Ferstad

  • Fødd 1963
  • Aktuell med boka Det dagblinde Folket (Kolofon forlag), der han skriv om erfaringane sine med psykisk sjukdom.
  • Ferstad har diagnosen bipolar 1, tidlegare omtalt som å vere manisk depressiv.
  • I boka skriv Ferstad om mani-delen av sjukdommen, både om korleis det er å vere manisk og om tvangsinnleggingane hans på psykiatrisk sjukehus.

---

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kultur