Kultur

Harald Olsen var en mann med uvanlig sterk integritet

MINNEORD: Vår kjære ven og songarbror Harald Olsen døydde første pinsedag.

Denne energiske og sterke mannen måtte gi tapt etter lengre tids sjukdom.

Når vi tenkjer på Harald, må vi ty til Jesu ord då han såg den markante Natanael kome gåande mot seg: «Sjå der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik». Som Natanel hadde Harald sine klare kantar og sterke meiningar. Som Natanel var han utan svik, ein mann med uvanleg sterk integritet.

Vi fekk lære å kjenne og elske denne mannen gjennom 40 års samliv i songgruppa Freedom Quartet. 40 år med konsertturnear og øvingshelger skapte eit intenst levande fellesskap. Det var Harald som introduserte sjangeren spirituals for oss – og gjennom Nils Abrahamsen og seinare Sigvald Tveit som musikalske leiarar vaks Freedom Quartet til – om vi kan seie det slik – sin manndoms fulle kraft. Bokstaveleg tala i botn låg Harald si djupe og sikre bassrøyst.

Frå bedehus til kristensosialisme

Men Freedom Quartet var meir enn ei songgruppe. Kvartetten vart etablert i ei tid då den studentopprøret og den sosialetiske vekkinga sette sitt preg på studentmiljøet vi var ein del av. Som fleire av oss hadde Harald sin bakgrunn i Bedehuset. På typisk Harald-vis vart han så ei tydeleg røyst i den kristensosialistiske rørsla, formulert skriftleg i artiklar og bøker. Øvings- og konserthelgene i Freedom Quartet utvikla seg – stundom til musikalsk leiar Sigvald Tveits fortviling – til løpande seminar med spenstige meiningsutvekslingar om aktuelle samfunnsmessige, teologiske og kyrkjepolitiske spørsmål, sterkt prega av Haralds høge røyst og rungande latter.

På typisk Harald-vis vart han så ei tydeleg røyst i den kristensosialistiske rørsla.

Men Freedom Quartet var også meir enn ein syngande og diskuterande guteklubb. Etter kvart vart vi også eit fellesskap av familiar med ektefellar og barn der familiekjære Harald var ei søyle og eit sentrum. Og kom nokon av oss ut i krevjande offentleg terreng, var det ingen som forsvarte sine utsette vener som Harald, israelitten utan svik.

Produktiv kraft

Haralds livsveg og livsval var prega av produktiv kraft, vilje og stor omstillingsevne. Han var utdanna realist, men valde ein yrkeskarriere innanfor kulturliv og kulturfag. Han kombinerte leiande administrative stillingar med kreativt arbeid. Prosjekta hans var tallause som havsens sand og fleire munna ut i bøker, radio- og TV-program og CD-produksjonar.

Pilegrimen

Så kom ei stor vending i Haralds skapande arbeid, ei vending innover, mot den kristne spiritualiteten si historie og uttrykk. Han gav ut mange bøker som har inspirert søkande menneske. Stor var gleda hans over å kunne fullføre den siste boka Hellig sted. Der inviterer pilegrimen Harald oss til å bli med til stader som har betydd mykje for han og som kan utfordre og utdjupe vår tru.

No har Harald nådd målet sitt. Han er heime. Han har sanneleg fullført løpet sitt. Vi i «Freedom-familien» er djupt takksame for følgje. Vår djupaste medkjensle går til Reidun og familien som Harald elska å leve i og for.

Gunnar Stave og Geir Gundersen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur