Kultur

Artisten DMX starta og avslutta alle konsertar med ei bøn. I går døydde han

LEGENDE: Den kristne rapparen DMX døydde fredag, 50 år gamal.

Den amerikanske rapparen og skodespelaren DMX er død, 50 år gamal. Han døydde fredag, fem dagar etter han fekk eit hjarteinfarkt.

Hans ekte namn var Earl Simmons, og han døydde med familien rundt seg på White Plains Hospital i New York.

– Earl var ein krigar som kjempa heilt til slutten. Han elska familien av heile sitt hjarte, og me verdset tida me fekk saman med han. Musikken hans inspirerte fans over hele verda og hans ikoniske arv vil leva evig, skriv familien i ei melding publisert i magasinet People.

La ut bibelstudie på Instagram

Artisten hadde ein tøff oppvekst. Han vart utsett for omsorgssvikt og hamna på barneheim. Som 14-åring røykte han crack for første gong, og han sleit med rusavhengigheit heile livet.

Det var ein overdose som gjorde at han fekk hjarteinfarkt førre helg.

Samstundes har DMX vore open om si kristne tru, og var kjend for å starta og avslutta konsertane sine med ei bøn.

I fjor vår la han ut ein video på Instagram der han las opp frå Bibelen og reflekterte rundt teksten.

– Eg elskar den eg er. Eg er Guds barn. Det er me alle, seier han i videoen.

I 2019 fortalde DMX til magasinet GQ at han kunne bli svært emosjonell etter konsertar. Då han gjekk av scena, bad han ofte om å få sitja åleine i eit rom, der han kunne takka Gud.

– Eg tok eit minutt for meg sjølv og takka Han, prisa Han. Eg kunne seia: «Takk, takk» og «Kven er eg til å fortena dette»?

- Han slost mot seg sjølv på eit spirituelt plan

DMX har samarbeida med artistar som Jay-Z, Ja Rule og LL Cool J. Han er kjend for listetoppar som «Party Up (Up in Here)» og «X Gon’ Give It To Ya».

Han har også vore med i filmar som «Cradle 2 the Grave», «Romeo Must Die» og «Exit Wounds».

Den norske rapveteranen Jørgen Nordeng, også kjend som Joddski, seier til VG at DMX var ein av dei mest innflytelsesrike rapparane i verda.

– DMX sin musikk viser at han slost mot seg sjølv på eit spirituelt plan, som var direkte vondt å høyra på. Han var ein av dei første i bransjen som gjorde det, seier Nordeng til VG.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur