Kultur

Barn husker på muren mellom USA og Mexico

Dumphuska på grensa mellom USA og Mexico blei raskt tatt ned, men bildane fekk spreidd seg over heile verda.

Det var to professorar knytt til San Jose University og University of California som kom med ideen i 2009 i boka deira «Borderwall as Architecture». Dei fekk montert dumphuskane i grensegjerde mellom USA og Mexico, og ein film av vaksne og barn som tek den i bruk har spreidd seg på sosiale medium. Verket skal symbolisera korleis dei to landa er kopla i saman.

– Vaksne og barn blir minna på at handlingar som skjer på den eine sida har direkte konsekvensar på den andre, skriv ein av folka bak konstruksjonen, Ronald Rael, på sin eigen Instagramkonto.

Ulovlege

Leikestunda mellom barn og vaksne frå dei to sidene blei diverre kort. Folka bak monteringa hadde ikkje søkt om tillating til å montera dei rosa dumphuskane, og etter ein kort stund blei dumphuskane diverre teken ned.

Tenestemenn skal ha observert hendinga for å forsikra at verken varer eller folk kryssa over grensa, melder Time.

Staden med huskane på amerikansk side heiter Sunland Park, ein by som har vore emne for fleire tubulente hendingar knytt til flyktningar og grensemurer, melder CNN. Ei gruppe menneske skal ha satt igang ein innsamlingskampanje for å bygga grensegjerde på privat område, til ein verdi av rundt 70 millioner kroner. Ein væpna millitsgruppe skal ha kidnappa og tatt fridoma til hundrevis av flyktningar.

LES OGSÅ: Sperrer flere grenser med murer.

Sjå videoen her:

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur