Kultur

Reagerer på sparkesykkelentusiasme

Studentar på Arkitektur og designhøgskolen er særs kritiske til hyllesta av dei elektriske sparkesyklane.

– Å hata synden, men ikkje syndarane, er det ikkje det dei seier?

Nikolai Sabel (29) snakkar om elsparkesyklane. Han er masterstudent i design ved Arkitektur og Designhøgskolen i Oslo (AHO) og ein del av eit studiemiljø som orienterer og spesialiserer seg i retning av ein bærekrafig og framtidsretta byutvikling.

Historieprofessor Kjetil Jakobsen stilte seg i går kritisk til trikkeinvesteringane i Oslo på fire milliardar, og det han meinte var gammalmodige motstandarar av elsparkesyklane. Han er av den oppfatning at satsinga på framkomstmiddel i staden for å vera på buss og trikk, heller burde vera på små framkomstmiddel og delingsordningar som liknar dei elsparkesyklane tek i bruk. Også arkitekt Gaute Brochmann meinte sparkesyklane har kome for å bli, og at dei har potensiale til å revolusjonera måten me bevegar oss på i byrommet.

– Harmonisk Forbruk

Nikolai Sabel og andre studentar frå AHO er i så fall døme på eit «gammalmodig» studentmiljø. Dei meiner inntoget til el-sparkesyklane har vore ein solid dempar på Oslosommaren. Dei frustrerer seg spesielt over at private profittorienterte aktørar legg ut sparkesyklar i byrommet som dei ikkje tek ansvaret for.

– Dei legg ansvaret på forbrukarane og resultatet har talt for seg. Tanken om eit «harmonisk forbruk» kor forbrukarane ryddar opp for kvarandre gjennomsyrer desse selskapa. I beste fall er det naivt, fortel Nikolai Sabel.

Sabel reagerer på å bruka ordet sosialisme i samband med elsparkesyklane slik Jakobsen gjorde i går. Han reagerer på aktørar som tener pengar og tek plass i byrommet, utan at dei bidreg tilbake til byen. Det vi kjenner som kollektivtransport har brukarane gjennom stat og kommune eigarskap i, det har ikkje el-sparkesyklane, seier Sabel.

– Lite tyder på «positiv sosialisme» når ein til dømes ser på arbeidsforholda til dei som ryddar opp sparkesyklane på natta, seier Sabel.

LES MER: – Politikerne har ikke sagt nei til dette, fordi de er fascinert av alle disse startup-selskapene

Gammalmodig

Nikolai Sabel har nett sykla ned til Oslo sentrum frå Trosterud. Han er ikkje motstandar av mikromobilitet i og for seg. At framkomstmiddelet er og veg mindre enn passasjeren er flott. Han er for mykje av satsinga som har vore på sykkelvegar i Oslo og omegn.

– Likevel, er eg ikkje naiv. Oslo er ein by som treng buss og trikk. Korleis trur Kjetil Jakobsen at dei som faktisk er gamle skal klara seg rundt i byen? Og kva skal ein gjera på vinteren? Heldigvis kan ikkje Ruter stikka hovudet under sanden slik som Jakobsen og Brochmann gjer i desse spørsmåla, seier Sabel.

Eit anna aspekt Sabel reagerer på er korleis sparkesyklane får ta del i ein grønn rørsle. Han viser til at levetida på syklane kun er nokre få månadar. Trikkane som no skal gå ut har ein hatt sidan 80- og 90-talet.

– No sa eit av sparkesykkelselskapa at neste modell vil kunne ha ei levetid på eit halvt år, som om det var noko bra. Er dette verkeleg ein del av ein grønn bølge? Det er heilt koko! seier Sabel.

Støttar du investeringane på trikkane?

– Dei støttar eg 110 prosent, fortel Sabel.

Naivt

Historieprofessor Kjetil Jakobsen titulerte seg sjølv som kulturoptimist når det gjaldt el-sparkesyklane. Både han og Brochmann meiner problema i samband med sparkesyklane vil løysa seg når folk blir vande med dei.

Nikolai Sabel er ueinig. Han ser ikkje ein by i Europa der dei har klart å setta i stand fungerande ordningar knytt til sparkesyklane. Han meiner det må utførast konkrete tiltak med omsyn til parkering og ladestasjoner for å motvirka rotet. Utsagna til Brochmann og Jakobsen om at det vil ordna seg med tida er naive, meiner han.

– Problema knytt til sparkesyklane vil ikkje ordna seg berre fordi dei seier det, seier Sabel.

Gjer oss late

Sabel brukar ein pyramidefigur for å illustrera poenget sitt om bytransport.

– Nedst finn me gåarar, over der syklar, så busspassasjerar og øvst bilar. Det er ønskeleg at folk bevegar seg nedover i den pyramiden, ikkje opp, fortel han.

Elsparkesyklane gjer fotgjengarar om til el-sparkesyklistar, meir enn at bilistar går over til elsparkesyklar, meiner han.

– Hugsar du pixar-filmen Wall-E, med dei tjukke menneska på elektriske stolar? Den illustrerar det heile rimeleg godt, seier han.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Kultur