Kultur

Historieprofessor: «Elsparkesyklar er sosialisme for vår tid»

Oslo kommune gjennomfører tidenes ­satsing på trikk. – Bortkasta pengar seier historie­professor, Kjetil Jakobsen. Det er elsparkesyklane som banar veg for framtida, ­meiner han.

Oslo kjøper 87 nye trikkar for fire milliardar kroner. Det ­meiner fleire er eit gigantisk feilsteg.

– Milliardar av bompenge­kroner blir kasta vekk på omfattande byggeprosjekt og trafikkfarlege trikkar utan miljø­effekt, seier professor i historie ved Nord Universitet, Kjetil Jakobsen.

Nye løysingar

I staden for ­investeringar i trikkar og skinne­utbygging meiner Jakobsen at me burde sjå til dei elektriske sparke­syklane for korleis framtidsretta trafikkløysingar i storbyane skal sjå ut.

Jakobsen meiner denne teknologien, med små ladbare elektroniske motorar og appar som organiserer bruksdelinga, kan utformast på nye kreative ­metodar. Når det gjeld dei kortare distansane meiner Jakobsen at kommuneeigde trikkar og bussar om kort tid vil kunne bli overflødige.

– Fordelen med elsparke­syklane er at ein reiser kollektivt, men med full fleksibilitet. Med dei treng ein ikkje lenger å springe etter trikk eller buss, seier Jakobsen.

Revolusjonerande

Journalist og redaktør for tidsskriftet Arkitektur N, Gaute Brochmann, er einig og meiner sparkesyklane kan forandre transport og byrommet på sikt.

– Dei kan vera like revolusjonerande som smarttelefonen har vore, seier Brochmann.

Han meiner sparkesyklane kan vera byrjinga på ein omfattande samfunnsendring der ein slik type transport endrar alt frå sosial omgangsform til rutinar i kvardagen.

Frustrasjonen han ser mot elsparkesyklar og dei som brukar dei no, liknar nett den mot jappar med mobiltelefonar på 80- og 90-talet, meiner Brochmann.

– Faktum er at ein viss type menneske brukar dei først, noko som er med på å skapa det negative bilete folk har av syklane. Etter kvart vil også andre sjå nytta i dei, seier han.

Kulturoptimist

Sidan sparkesyklane kom til Oslo i vår, har det ikkje mangla på irritable og hatske reaksjonar. Fleire har sagt at dei kjenner seg utrygge i gatene og mange har frustrert seg over slengde sparkesyklar i byrommet. NTB melde nyleg at 251 personar har fått medisinsk behandling i samband med sparkesyklane sidan oppstarten. 21 prosent av desse skal ha vore rusa.

Både Brochmann og Jakobsen merkar seg alle dei negative reaksjonane som blir sparkesyklane til del. Dei meiner begge at problema knytt til syklane er løyselege, og at mykje vil bli betre når folk blir vande med dei.

– Når det gjeld elsparkesyklar er eg kulturoptimist. Det går som med mobiltelefonen. Over tid tilpassar bruken seg folkeskikken, samstundes som kritikken forstummar ettersom alle tek nyvinninga i bruk, seier Jakobsen.

Ein ny økonomi

Tidlegare i sommar skreiv Vårt Land om kritikken som sparkesyklane har møtt i Paris og Frankrike. Her omtala filosof og skribent Éric Sadin fenomenet som ein «silikonisering». Han viste til korleis tidsånda og tankesett frå oppstartselskap i Silicon Valley i USA blir transporterte til Europa.

– Politikarane har ikkje sagt nei til dette, fordi dei er fascinerte av desse oppstartselskapa. Korleis skal dei ikkje ønskja desse selskapa velkomne når dei er skapt av unge menneske som alle kler seg på ein superkul måte? Korleis skal dei seie nei til slike nyvinningar, spurte Eric Sadin retorisk.

Professor Kjetil Jakobsen er for tida på reisefot i storbyar i Europa og vore ein flittig brukar av dei elektriske sparke­syklane, også i Frankrike. Han ser på den franske kritikaren som gammalmodig.

– Ein sosialist som er imot elsparkesyklar, det er vel stort sett alle over femti, spør Jakobsen. I motsetnad til franskmannen ser Jakobsen på elsparkesyklane som ei positiv form for sosialisme som frigjer individet. Han siktar til delingsøkonomien, der ein ikkje lenger eig, men låner framkomstmiddelet.

– Digital bruksdeling er god sosialisme for vår tid. Trikken er sosialisme for Lenins tid, meiner historieprofessoren.

LES OGSÅ: Una Bastholm er oppgitt over manglende vilje til å regulere elsparkesyklene

Vinteren?

Kjetil Jakobsen fortel at han no rekk fleire møte og fornøyelsar, og det utan å sveitta eller øydelegga klede på vanleg sykkel eller i undergrunnsbanen.

– Eg tenkjer på elsparkesyklane som ein kulturrevolusjon, noko som inviterer til ein ny belle époque, kor me alle er litt friare enn før og litt penare i tøyet, seier Kjetil Jakobsen med eit smil.

Men, kva skal ein gjera på vinteren då, med snø og sludd i gatene?

Dei tenkjer seg om.

– Hmm, nei det veit eg faktisk ikkje, innrømmer Gaute Brochmann.

– Berre fantasien set grenser. Ein kan jo sjå føre seg eit framkomstmiddel som klarer å gå på snø eller is med same ladbare teknologi. Det får bli ei oppgåve til lesarane, utfordrar Kjetil ­Jakobsen.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur