Fleire barnebøker om sterke kvinner

Internasjonalt blir det utgitt stadig fleire illustrerte sakprosabøker om kvinner for barn og unge. Vi ser tendensen også i Noreg.

Rosa Parks på bussen. Illustrasjon frå serien Små folk, store drømmer (Lisbeth Kaiser, Marta Antelo). Gyldendal, 2018.
Publisert Sist oppdatert

– Barn er svampar som absorberer verda rundt seg. Og vi, som vaksne, er ansvarlege for å velje kva verd vi viser dei. Jo fortare vi lærer dei at vi alle har store draumar uansett om vi er gutar eller jenter, jo betre.

Det seier Isabel Sánchez Vegara, forfattar av bøkene i serien Små folk, store drømmer, som no kjem ut i norsk omsetting. Bøkene kom først ut i Spania og ein del av ein aukande trend av illustrerte, biografiske sakprosabøker for barn om historiske kvinner, med titlar som Women in Science, Bad Girls Throughout History, Fantastically great women who changed the world, Goodnight stories for rebel girls – der også sistnemnde er utkomen i norsk omsetting.

Ideen fekk Vegara då ho leitte etter bøker til sine to små nieser.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP