Sjelspoesi frå ei anna tid

Den angelsaksiske diktinga er historisk sett heilt unik, hevdar den danske forfattaren Keld Zeruneith, fordi ho skildrar dei sjelsopprivande følgjene av å leve i brytningstida mellom heidendom og kristendom.

Illustrasjonen viser Beowulf kamp mot dragen på slutten av kvadet. Av Henrietta Elizabeth Marshall, trykt i (1908).
Publisert Sist oppdatert

Omvendinga frå heidendom til kristendom finn stad tidlegare i England enn lenger nord i Europa, og startar ifølgje Zeruneith, dr. phil. og dosent emeritus i litteratur ved Københavns universitet, allereie ved byrjinga av 600-talet, tidleg i landets angelsaksiske periode. Det er pave Gregor den store, og hans misjonærar, som truar folket med at den store dom står for døra. Gradvis får kristendommen feste folket – og i poesien.

I boka De sidste tider, som kom ut i Danmark i haust, skildrar Zeruneith korleis den angelsaksiske diktinga gir oss eit innblikk i kva verknad overgangen hadde på folks mentalitet, og korleis den heidenske verda levde vidare i den nye trua si utforming. Angelsaksisk dikting er først og fremst sjelspoesi, skriv han, og viser gjennom boka korleis diktinga blir den best tenkjelege kjelda til medvitslivet i perioden.

LES OGSÅ: Gamle guder blir som nye

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP