Kultur

Martin Luthers juleførebuingar

– Faste skulle ikkje vere eit middel for å oppnå nåde frå Gud. Det var ei førebuing på Jesu komme, seier den tyske historikaren Elke Strauchenbruch om Martin Luthers advent.

'Før reformasjonen byrja adventsfasta etter Martinsmessa 11. november og varte til 6. januar, heilagtrekongarsdag, med opphald på søndagar, ved sjølve julefeiringa 25. desember og ved nyttår, fortel den tyske historikaren Elke Strauchenbruch til Vårt Land.

I boka Luthers Weihnachten («Luthers jul») skriv ho om korleis­ fasta før reformasjonen skulle peike­ fram mot julefeiringa og auke forventingane til julefesten. Advent var også ei tid for å gjere bot.

– I Luthers barndom fasta dei ganske strengt, og åt korkje kjøt, egg eller mjølkeprodukt. Til ­bestemte tider skulle ein ikkje ete i det heile, fortel ho.

Vektlegginga av bøn og faste var viktig for Luther. For sjølv om fasta etter kvart forsvann med reformasjonen, var det ifølgje Strauchenbruch mange, inkludert Luther-­familien, som heldt fram med denne gamle tradisjonen lenge.

Helgenar og overtru

Før reformasjonen­ var helgendagane i ­adventstida sentrale, og Strauchenbruch skriv i boka til dømes­ om Andreasnatt, natt til 30. november,­ som var spesielt eigna til å finne sin framtidige ektemake. St. Andreas er nemleg skytshelgen til dei gifte eller elskande.

– Den 6. desember, på St. Nikolas­dag, fekk barna og tenarskapet gåver – vel å merke om dei hadde førebudd seg godt nok med bøn og faste, seier ho.

Elles venta visst nok ris og hestelort, skriv Strauchenbruch i boka, og her kan det verke som folketru har blanda seg inn i legenda om den svært gåvmilde heilage Nikolas, biskop av Myra, som vart barnas skytshelgen og opphavet til førestillinga om julenissen.

– Og på minnedagen for den heilage Barbara den 4. desember skar ein av greiner frå kirsebærtreet og tok dei med inn så dei blomstra til jul. Det symboliserte naturens og livets gang, og skulle på årets mørkaste dagar minne om at våren ville kome att.

Elles var det mykje som skulle­ gjerast; på denne tida av året starta slaktinga, dyra kunne ikkje lenger stå ute, og ein hadde ikkje nok fôr. Kjøt vart konservert og brød vart baka.

– Fastetida skulle førebu folk på dei store festdagane, og ein åt stort sett vegetarisk. Men i velståande­ heimar fann dei på ein måte å halde kaloriinntaket oppe på, sjølv om dei åt mindre: Dei byrja brygge sterkøl.

Gåvebringaren Jesus

Det var ikkje slik at Luther ville endre desse tradisjonane eller avskaffe helgendagane, meiner Strauchenbruch, men han ville sette Jesu fødsel i sentrum for heile julefeiringa.

– Luther preika særleg ofte ved juledagane. Fordi han sette Jesus og evangelia i sentrum for si lære, vart jo nødvendigvis både jul og påske enda viktigare, og merkedagane for helgenane fekk mindre betyding. Men han ville møte folk med tolmod og gi dei tid til å gløyme det gamle og omfamne det nye, understrekar Strauchenbruch.

Derfor søkte han no måtar å formidle gleda over Jesus-barnet på, ikkje minst til barna – og han starta med sine eigne fem.

– Han var på jakt etter ein måte å få til det på. Så bestemte han seg for å flytte gåve­dagen frå 6. til 25. ­desember, og gjere Jesus-barnet til gåvebringar i staden for St. Nikolas, fortel ho.

Slik Luther formidla det, var det no Kristus sjølv som for over hustaka og kasta gåver ned gjennom skorsteinen.

– Eg synest det er rørande korleis Luther fortalde at gåvene kom ned gjennom pipa eller det opne svarte kjøkkenet til barna. Ikkje ulikt slik vi kjenner den amerikanske tradisjonen i dag.

Gåvene skulle ikkje vere løn fordi dei hadde førebudd seg godt. Og det venta dei heller ingen straff om dei ikkje hadde vore flinke nok. Gåvene fekk dei fordi Jesus elska dei.

– Han ville at også barna skulle faste. Men faste skulle ikkje vere eit middel for å oppnå nåde frå Gud. Det var ei førebuing på Jesu komme.

Familiefest

– Det var først med Martin Luther at julefeiringa ­verkeleg vart ei høgtid for familien, skriv du i boka. Korleis?

– I mellomalderen føregjekk ein stor del av julefeiringa i kalde og mørke kyrkjer, der ein lytta til preika og tok del i julespelet, som kunne vare ganske lenge. Luther forsterka familiefesten ved å legge vekt på at ein saman skulle feire Kristi fødsel med mat, song og gåveutdeling. Og med songen «Frå høge himmel kjem eg ned» flytta han også julespelet frå kyrkje­rommet og inn i heimen.

I preikene sine oppmoda han ifølgje Strauchenbruch også ­fedrane til å engasjere seg i barneoppsedinga og vere kjærlege mot barna sine.

– Men både når det gjeld jul og advent, må vi hugse at familien til Luther var velståande. Med gåver, lys og god mat, kunne dei nok ha ei anna feiring enn mange andre.

Tre eller grein?

Det finst fleire kunstnariske attgivingar av Luther og familien samla rundt eit juletre, og Strauchenbruch skriv: «I juletreet smeltar gamle tradisjonar saman med Luther si førestilling om at Jesus-barnet skulle stå i sentrum for julegudstenesta og feiringa i heimen. Det grøne treet er eit symbol på det evige liv, gitt oss av den heilage ande.».

Førestillinga om at Luther innførte juletreet, er ikkje riktig, men ikkje desto mindre er det lada med Luther sin bodskap for denne feiringa.

– Juletreet vart ikkje mote før på 1800-talet. På Luthers tid var det vanleg å strø sand og duftande ­urter og høy på golvet.

Truleg var også Luther og familien­ ute og samla greiner i adventstida, som skulle blomstre til jul.

–  Vi finn ikkje noko i kjeldene om at det skulle vere annleis hos Luther.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur