Vil bevare Luthers aktivistiske arv
Det er først og fremst det kritiske blikket til Martin Luther vi kan lære av i dag, meiner feministiske teologar. No krev dei vilje til fornying i Den norske kirke.
Dorothee Ziller (t.v.) og Stine Kiil Saga ville løfte fram feministiske teologars syn på reformasjonen i dette nummeret av tidsskriftet St. Sunniva.
Erlend Berge
I 2017 er det 500 år sidan Martin Luther hengde opp tesane sine på kyrkjedøra i Wittenberg og sette i gang reformasjonen som førte til brotet med den katolske kyrkja 20 år etter. For ein feminist innbyd ikkje jubileumsåret nødvendigvis til eit gledeleg gjensyn med reformatoren og tankane hans om kvinnerolla. Men eit tilbakeblikk på reformasjonen kan innebere ei nyoppdaging av både Luther og dei historiske hendingane.
St. Sunniva, tidsskriftet som blir utgitt av Norsk kvinnelig teologiforening, lanserte nyleg årets første nummer, med feministisk reformasjon som tema. Gjennomgåande i tekstane er at det er både mogleg og nødvendig å la seg inspirere av maktkritikken hos Luther.
– Reformasjonen er ikkje berre ei historisk hending, men eit kall kyrkja har til å stadig leve i ein reformasjon, til å sjå med kritisk blikk på teologi, samfunnsorden og kyrkje. Vår teologi blir prega av tida vi lever i, og som protestantar må vi finne mot til å bevege oss, forandre, fornye, igjen og igjen, seier nummerredaktør Dorothee Ziller, som også er prest i Østerås og Grinilund menigheter.
Bestill abonnement her
KJØP