Rørande om menneskeverd

Dette er årets påskeperle på kino. Historien om Marie er eit gripande drama om ei nonne som lærer ei døvblind jente å kommunisere.

Den franske filmen handlar om søster Marguerite (Isabelle Carré) som prøver å lære døvblinde Marie (Ariana Rivoire) å kommunisere. Dette er ei påskeperle som rører ved hjartet slik få filmar maktar å gjere det, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

ANMELDELSE: Mange kjenner historia om Helen Keller, den amerikanske forfattaren som blei døvblind då ho var eit lite barn. Gjennom hjelpa ho fekk frå læraren Anne Sullivan lærte Keller seg både teiknspråk og talespråk, og ho blei ein verdsberømt talar og skribent.

Historia om Marie Heurtin er ikkje like kjent. Men ho er like rørande. Heurtin var fødd i Frankrike på slutten av 1800-talet, omtrent på same tida som Helen Keller. Ho var i motsetnad til Keller døvblind frå fødselen av. Den franske regissøren Jean-Pierre Améris byggjer på den sanne historie om Heurtin i filmen Historien om Marie. Foreldra hennar nekta å legge henne inn på sinnssjukehus, etter at ho vart diagnostisert som «åndssvak», men sendte henne i staden til det franske Larnay-instituttet, eit kloster der nonner sidan midten av 1800-talet har teke seg av og utdanna døve.

LES OGSÅ: Kjærlighet uten grenser

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP