Sterk film om gudstru
Andreasprisvinnaren Om guder og mennesker handlar om kristen tru i møte med islam. Det er eit spennande møte.
Munkane i klosteret i Algerie må ta stilling til om dei skal bli verande i eit kloster der dei når som helst risikerer å miste livet.
Filmweb
Om guder og mennesker er ei filmatisering av ei sann historie frå 1996, då eit kristent munkekloster i Algerie blei utsett for overgrep av valdelege jihadistar. Men filmen legg nettopp ikkje opp til frontkollisjon mellom desse to verdsreligionane, sjølv om dei kristne trappistmunkane i filmen blir trua på livet av muslimske ekstremistar. Munkane viser heile tida djup respekt for islam som trussystem.
Filmen, som vi kanskje kan kalle for ein halvdokumentarisk spelefilm, fekk den økumeniske Andreasprisen i Haugesund tidlegare i år. Den same prisen fekk han i Cannes, i tillegg til Juryens stor pris (Grand Prix). Han blei også vald til fransk Oscar-kandidat.
LES OGSÅ: Nydelig film om tro og offer
Bestill abonnement her
KJØP