Ville blitt regissør
Dersom kronprins Haakon hadde hatt frie tøylar, ville han truleg laga dokumentarfilm.
Kronprins Haakon var måndag gjest på Den norske filmfestivalen i Haugesund
Scanpix
Kronprins Haakon var måndag gjest på Den norske filmfestivalen i Haugesund. Og det er tydeleg at kronprinsen tek oppgåva si som «høye beskytter» alvorleg; heile tre norske filmar hadde han fått med seg før han møtte pressen utpå ettermiddagen: 99 % ærlig, Den siste revejakta og De gales hus.
Høgt nivå. Nivået på norsk film er veldig høgt. No er det slik at vi reknar med at ein norsk film er bra, sa kronprinsen, som også trekte fram norske filmar på spørsmål frå Vårt Land om kva som er hans sterkaste filmoppleving.
Nokosinne? Eg har sikkert 25 filmar på ei ti-på-topp-liste, men eg likar særleg godt Kautokeino-opprøret og Molands Beautiful Country. Elles har eg sett The Hours fleire gonger. Ho eg er gift med, likar den veldig godt. Eg også - etter kvart ... Eg trur eg har sett han fire gonger no.
Bestill abonnement her
KJØP