Spynorsk bokbål

Kvifor brenn det ikkje bokbål i Spynorsk-musikalen din, Are Kalvø?

kk
NYNORSKHAT: I musikalen «Spynorsk mordliste» på Det norske teatret kjem vi diverre ikkje nærare hatet mot nynorsken enn ein velfrisert flokk som er stolte over at «i Bærum er Tesla det eneste ordet som slutter på a», skriv gjestekommentator Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

Vi prata om språk, ein annan vestlending og eg. Han som har konvertert til bokmål, slo til: «Eg brukar å seia til sunnmøringar at Ivar Aasen er Noregs dyraste mann».

Eg lurte på kva fot eg skulle stå på. På den eine leita eg etter dyrare nordmenn. På den andre argumenterte eg med kor viktig språk er for identitet. Etniske (og gjerne også religiøse) minoritetar kjenner på dette. Har du språk, har du stemme. Å gje stemme til andre enn fleirtalet kan kosta.

Aasen ville gje stemme til vanlege folk langt unna eliten og danskemålet. Han traska store delar av landet rundt for å laga eit nytt språk midt på 1800-talet. Dei som i vår får med seg musikalen «Spynorsk. The Musical» på Det Norske Teatret, vil få glimt av den sanne historia om Aasen. Språket skulle liggja nær talemålet. Folk skulle retta ryggen og aldri gløyma kvar dei kom frå.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS