Sjå, han stammar!
Det finnes knapt gode framstillingar av stamming i populærkulturen. Men i haust har vi fått eit prakteksempel.
STAMMAR: Rhenzy Feliz, som speler Victor i den aktuelle tv-serien «The Penguin», gjer ein praktjobb når han speler ein ung mann som stammar. Er dette første gongen vi har sett ein autentisk og god framstilling av stamming på skjermen?
MAX/WarnerBros.
Å stamme er veldig ubehageleg, og eg trur det også er ubehageleg for dei som høyrer på. For når eg stammar, leiter eg desperat etter andre ord eg kan bruke. Men eg trur at dei som lyttar og ser på, ikkje heilt veit kva som skjer, og uforvarande avbryt meg eller fullfører setningane mine.
I haust har vi fått ein tv-serie som kanskje aukar kunnskapen om kva stamming er og korleis vi skal stelle oss til dei som stammar. Det skjer i The Penguin, som går på strømmekanalen MAX, ein mørk gangster-serie som kan skryte av noko som knapt har finnes på tv-skjermen før: Ei heilt ut ekte og pålitande framstilling av stamming.
Nervøs eller latterleg
Bestill abonnement her
KJØP