Partiet med peikefingeren

LANDSMØTE: Når til og med KrF har lagt bort peikefingeren, kvifor insisterer MDG på den?

LEIARS TALE: Partileiar Arild Hermstad (MDG) snakka ikkje om kjøtfri middag i sin tale til MDG sitt landsmøte laurdag. Han fokuserte i staden på solidaritet i brei forstand.
LEIARS TALE: Partileiar Arild Hermstad (MDG) snakka ikkje om kjøtfri middag i sin tale til MDG sitt landsmøte fredag. Han fokuserte i staden på solidaritet i brei forstand.
Publisert Sist oppdatert

Då Olaug Bollestad gjekk ut før KrF sitt landsmøte og sa at KrF ikkje skal vere eit parti som rettar peikefingeren mot folk, var det ikkje overraskande. Bollestad har over tid stått fram som meir oppteken av å fremje hjartesakene enn at partiet skal stå reine og ranke i vanskelege samvitsspørsmål. Meir uventa er det kanskje at KrF ikkje vart det siste partiet til å leggje frå seg peikefinger-kommunikasjonen.

Tid for eit miljøparti?

Då partileiar Arild Hermstad opna Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sitt landsmøte til ståande applaus fredag, må fleire ha kjent på ei viss undring over partiet si utvikling. Det er ti år sidan MDG fekk det ein kan kalle eit slags nasjonalt gjennombrot – mars 2013 var første gong nettstaden pollofpolls.no, som samlar gjennomsnitt av norske meiningsmålingar, registrerte over 1 prosent oppslutning for partiet. Den hausten vart dei for første gong representerte på Stortinget, og mange vona nok at glanstida for Miljøpartiet no var kommen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS