Minoritetane tok Trump til valsiger
Dei kristne veljarane svikta ikkje Trump denne gongen heller. Tvert om, dei er meir entusiastiske enn nokon gong.
SNUDD: Latinamerikanske veljarar, og særleg menn, bidrog sterkt til ny valsiger for Donald Trump.
NTB
Med det heile litt i bakspeglen er det interessant å sjå på kva det var som faktisk skjedde då Donald Trump tok ein ganske hendig siger i valet sist veke. Umiddelbart etter valet skreiv eg at valgkvelden utvikla seg om lag som ein kunne forvente, i og med at målingane var svært tette. Den konklusjonen ser ut til å stå seg – i stor grad enda valresultatet innafor feilmarginen av dei målingane vi har sett. Kanskje gjer Trump det noko betre nasjonalt enn målingane tok høgde for, men i dei gjennom-målte vippestatane kunne ein sjå konturane av at dette resultatet var ein moglegheit.
Det store temaet når vi ser på valresultatet er imidlertid at det er enorm rørsle i veljarmassen, også i delstatar der ein på førehand ikkje var i tvil om resultatet.
- I raude Florida la Trump på sigersmarginen sin frå 2020 med over ti prosentpoeng.
- I blå New Jersey og New York halverte Harris Biden sin margin frå 2020.
- I Texas, ein delstat ein jamnleg fabulerer om at skal hamne innanfor rekkevidde for Det demokratiske partiet, meir enn dobla Trump sigersmarginen frå 2002, frå snaue 6 prosentpoeng til over 14.