Gjengane er farlegare enn covid-pandemien. Kvifor er det ikkje nasjonal krisealarm?
Då koronapandemien trefte oss var det ingen som vurderte å vente på partiprogram, landsmøter eller lovprosessar. Den gongen forstod Stortinget at krise betydde akutt handling.
GJENGKRISE: Situasjonen i Oslo er no så ille at det går kaldt nedover ryggen på alle med små barn i byen. Også for resten av byens innbyggarar er situasjonen uhaldbar, skriv kommentator Emil André Erstad.
Martin Solhaug Standal
Frp-leiar Sylvi Listhaug er den einaste som kan sei: «Kva var det eg sa?»
Ho har lenge åtvara mot svenske tilstandar med gjengar som fekk springe fritt i gatene, skyte og herje. Mange av oss kalla henne ein krisemaksimerande alarmist. Kanskje fordi ho nytta åtvaringane som ei utidig brekkstong for ein restriktiv innvandringspolitikk.
Når det gjeld gjengkriminaliteten har ho likevel hatt rett: Svenske tilstandar er farleg, og den kan smitte.