Fred som PR-stunt
Dei som skal lage fred i Ukraina, kor var dei i 2014?
KORRUPT: Der vi andre ser ei krigshissande, nasjonalistisk og korrupt kyrkje full av Putin-sympati som støttar grove krigsbrotverk, ser openbert leiaren for Kirkenes Verdensråd noko anna, skriv kommentator Emil André Erstad.
Alexander Zemlianichenko
Fleire med tendensar til stormannsgalskap har lansert fredsinitiativ for krigen i Ukraina. Sist ut var den sørafrikanske generalsekretæren i den globale paraplyorganisasjonen Kirkenes Verdensråd, Jerry Pillay. Han valde å besøke Putin-venen patriark Kirill i Moskva for å lansere initiativet om ein rundebordskonferanse mellom Den russisk-ortodokse kyrkja og dei ortodokse kyrkjene i Ukraina. I beste fall var det naivt, i verste fall var det både farleg og skummelt.
Det største problemet er at det ligg ein eim av PR-stank over initiativet, til fordel for den russiske leiarskapen som myrdar ukrainske born med blodige våpen kvar veke.
Norges forsøk på å stanse Libya-krigen