Det uviktige omsynet til barnets beste
BARNETS BESTE: Barn skal ikkje straffast for foreldra sine feilsteg. Likevel er det akkurat det som skjer i Norge kvar dag.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
I ein liten sørlandsby bur ein familie på seks. Faren er norsk, mora er fødd i Somalia, men kom til Noreg som 18-åring.
Det er over eit halvt liv sidan ho gjorde den reisa. Ho har gifta seg, ho har fått fire barn i Noreg. Hennar eldste barn er snart like gammalt som ho sjølv var då ho kom til landet.
Det er berre eitt problem.
Det er ikkje sant at ho er fødd i Somalia. Ho er fødd i Djibouti. Ho fortalde ei løgn, for over tjue år sidan – fordi, seier ho, at ho frykta å bli tvangsgifta.
Ei medviten løgn
Det var eit medviten løgn. Ho visste godt kva ho gjorde då ho ikkje oppgav det relativt stabile Djibouti som heimland, men i staden det krigsherja nabolandet Somalia. Det var på bakgrunn av denne usanne opplysninga at ho i 2007 fekk norsk statsborgarskap, og det var då hennar eigentleg opphav blei avslørt at dette statsborgarskapet vart teke frå henne igjen, sju år seinare.
Etter fleire rundar i rettssystemet, der ho først fekk medhald i lagmannsretten, bestemte Høgsterett i 2019 at ho skulle utvisast frå landet.
Akkurat no er saka til kvinna frå Djibouti i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Får ho medhald der, får ho truleg bli i Noreg. Får ho det ikkje, blir ho truleg send med tvang tilbake til Djibouti. Barna kan bli i Noreg med sin norske far, men dei vil vere fråtekne normal kontakt med mora, som vil vere nekta innreise til alle land i Schengen-området i to år.
Spørsmålet no er om ein gjennomgang betyr at det kjem ei endring. For på den andre sida står det eit solid trykk frå det store fleirtalet på Stortinget som over tid snarare heller har ønskt å stramme inn enn å lette opp asylpolitikken.
Hans Andreas Starheim, journalist
Ein kunne kanskje argumentere for at dette er straffa ein må ta for å bryte utlendingslova for å sikre seg eit liv i eit av verdas tryggaste og rikaste land. For oss er eit slikt liv så sjølvsagt at vi knapt tenkjer over det, men i global samanheng er det eit så ettertrakta gode at folk er villig til å sette livet på spel for ein flik av ei moglegheit til å oppnå det same.
Men spørsmålet er, kven er det eigentleg som blir straffa?
Er det den vaksne kvinna, eller er det barna som blir igjen i Noreg, utan mor?
Toppen av eit isfjell
Du har kanskje høyrt om denne familien før, eller du har høyrt andre slike historier. Men dei historiene som blir omtala i media er berre toppen av eit isfjell.
Klassekampen skreiv nyleg at det no er om lag 90 foreldre i Noreg med norskfødde barn eller med barn som er lovleg i Noreg, som skal kastast ut. I 20 av desse sakene vil utvising bety at det ikkje lenger er mogleg for familien å leve saman. I dei siste 70 tilfella reknar Utlendingsnemnda (Une) det som mogleg for familien å halde seg samla, dersom barna vel å flytte etter den utviste forelderen.
Det desse sakene har til felles er at barna sitt beste kanskje har blitt vurdert, men det har ikkje bli gjeve avgjerande vekt. I saka til kvinna frå Djibouti argumenterer Høgsterett med at det vil vere mogleg for familien å møtast i mora sitt heimland i feriar, og at ein vil kunne halde kontakt på telefon og gjennom sosiale medium.
Uvanleg stor belastning
At barn i barne- og ungdomsskulealder skal skiljast frå sin viktigaste omsorgsperson med fleire tusen kilometer, kvalifiserer ikkje som det Høgsterett kallar ei «uvanleg stor belastning» for barna.
Sjølv om retten medgir at det å skilje barn frå mor si er ei belastning, så er den altså ikkje stor nok i seg sjølv til å bli tillagd vekt i saker som denne. Det må vere ei uvanleg stor belastning – noko endå meir belastande enn å miste sin næraste omsorgsperson – for at omsynet til barnets beste i det heie teke skal ha noko utslag.
Men som minimum må vi som eit rettssamfunn tilby éin ting, også til barn – eller særleg til barn – nemleg grunnleggjande rettstryggleik.
Hans Andreas Starheim, journalist
I §70 i utlendingslova står det at «i saker som berører barn, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn.»
Grunnleggjande, men ikkje avgjerande, understrekar Høgsterett.
Sjablongmessig vurdering
Men både Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas) og asyladvokatar vi som journalistar jamleg er i kontakt med, seier at det ofte ikkje blir gjort ei konkret vurdering av barnets beste i det heile. I staden blir det til dømes brukt sjablongmessige og firkanta vurderingar, slik Vårt Land har skrive om i saka om jesidi-familien i Tønsberg.
Ifølgje advokaten til familien fekk dei utvisingsvedtak fordi barna i familien ikkje levde opp til ein rundskrivsdefinisjon av kva som må til for at eit barn skal ha særleg tilknyting til landet. Kravet var minimum 4,5 år butid og minst eitt år skulegang i Noreg.
Eldste jenta i familien hadde budd seks år i Noreg då vedtaket vart gjort, men mangla to månader på å ha fullført første skuleår. Dermed vart det avgjort at ho ikkje hadde særleg tilknyting til landet, og Une gjekk inn for å kaste familien ut.
Innvandringsregulerande omsyn
I regjeringsplattforma som Arbeidarpartiet og Senterpartiet forhandla fram ved Hurdalssjøen i haust, heiter det at ein skal «gjennomgå praksis når det gjelder vurderinger av barnets beste for å sikre at det gjøres konkrete og individuelle vurderinger i hver enkelt sak».
Justisminister Emilie Enger Mehl seier at ho har bede utlendingsetatane rapportere på kva dei gjer for at barnets beste er eit grunnleggjande omsyn i alle asylsaker som omhandlar barn, og ho har bede om ein gjennomgang av praksis når det gjeld vurderinga av barnets beste.
Tysdag blei det også klart at fleirtalet i eit utval sett ned av førre regjering anbefaler fleire tiltak som styrkar rettane til barn i utvisingssaker, som Vårt Land skriv om. Blant anna foreslår dei å innføre eit nytt prinsipp om at utlendingar med barn i Noreg som hovudregel ikkje skal utvisast ved brot på utlendingslova.
Spørsmålet no er om ein gjennomgang betyr at det kjem ei endring. For på den andre sida står det eit solid trykk frå det store fleirtalet på Stortinget som over tid snarare heller har ønskt å stramme inn enn å lette opp i asylpolitikken.
Det er nesten blitt ein klisjé å seie det – at barn skal ikkje straffast for sine foreldres feilsteg. Det er ei type utsegn som er umogleg å seie seg ueinig i. Men opp mot omsynet til det som blir kalla «innvandringsregulerande omsyn» så møter denne typen idealistiske programfråsegner fort ein vegg av beinhard politisk realitet.
Problemet med den «politiske realiteten» er at den øydelegg familiar og bryt barn sine grunnleggjande rettar.
Som eit minimum må vi som eit rettssamfunn tilby éin ting, også til barn – eller særleg til barn – nemleg grunnleggjande rettstryggleik.