Nyheter

Tre norskfødde barn kan bli tvangssende til Irak – opprørt lokalmiljø mobiliserer hjelp

TØNSBERG: Sjølv om dei tre borna i den jesidiske familien er fødde i Noreg, blei det ikkje tatt omsyn til i Oslo tingrett. Om dommen får stå, blir dei sende til Irak. No har lokalsamfunnet mobilisert for at dei skal kunne anke avgjersla.

– Eg sit og skriv på anken no. Den blir levert i dag eller i morgon, seier advokat Jan Fredrik Sand, som representerer familien.

Dommen i Oslo tingrett fall for ein månad sidan, men inntil for få dagar sidan har det vore uklart om familien ville ha moglegheit til å anke. Dei får nemleg ikkje fri rettshjelp, og dei er allereie dømde til å betale sakskostnader på 100.000 kroner for første runde i retten, i tillegg til eigne advokatkostnadar. Dette har dei ikkje hatt nokon moglegheit til å betale.

På få dagar har ein Spleis for familien allereie samla inn nesten 50.000 kroner, og torsdag kveld blir det arrangert støttekonsert i Nordre Slagen Kyrkje i Tønsberg.

Delnaz (6 år) og Khairi (5 år) er født i Norge og har bodd her hele livet. Nå vil UDI kaste dem ut fordi de mener mor ikke har snakket helt sant da hun kom til Norge

Uriktig forklaring

Vårt Land møtte familien i vinter, kort tid etter at Utlendingsnemnda (UNE) hadde teke avgjersla om at dei skal sendast tilbake til Irak, fordi dei meiner mora Amat Nasser Atman ikkje var sannferdig då ho søkte om asyl i 2013.

– Eg slit med å sove om natta fordi eg er redd for at politiet skal komme og hente oss for å kaste oss ut av landet, sa småbarnsmora den gongen.

Atman er jesidi, som er ei religiøs minoritetsgruppe i Irak. Ho søkte om asyl fordi ho meinte at livet hennar var trua i Irak. Då Atman kom til Noreg møtte ho raskt Dakhwaz Khirto som hadde vore asylsøkjar sidan 2008. Han er også Jesidi. Saman har dei fått barna Delnaz (7 år), Khairi (6 år) og Della (2 år), som alle er fødde i Noreg.

Atman gav opp at ho var gravid då ho kom til Noreg, og at dette var noko av bakgrunnen for at ho var truga i heimlandet og måtte flykte. Fødselstidspunktet på barnet viste at dette ikkje kunne stemme, og at ho må ha blitt gravid etter at ho kom til Noreg. UNE meiner derfor at ho med medvit har gjeve uriktige opplysningar, og har derfor ønskt å trekke tilbake løyvet om opphald.

Til Vårt Land har Atman forklart at ho var redd for at barna skulle bli sende tilbake til eit IS-herja Irak, og at ho derfor gav opp uriktige opplysningar om graviditeten i tru om at det ville styrke hennar sak.

Khairi (5 år) og Delnaz (6 år) er født i Norge og har bodd her hele livet. Nå vil UDI kaste dem ut fordi de mener mor ikke har snakket helt sant da hun kom til Norge

Barnets beste

Advokaten til familiane er likevel tydeleg på at omsynet til barna sitt beste burde tilseie at familien får bli.

– Desse barna er overmåte godt integrert, seier han.

Han seier barna er langt meir integrert i lokalsamfunnet enn det som er vanleg for asylfamiliar. Dette skuldast blant anna at dei har fått moglegheit til å gå i barnehage, og foreldregruppa rundt dei to eldste barna har engasjert seg sterkt i familien over lang tid.

– Når UNE skal ta stilling til om det er i strid med barnets beste å sende ein familie ut, så legg dei til grunn at fram til barna byrjar på skule så er familien den primære omsorgskontakten til barna. Ofte er barn av asylsøkjarar veldig lite integrerte. Dei bur på mottak, og får ikkje tilbod om barnehage. Men slik er det ikkje med desse barna, seier advokat Sand.

Rigide kriterium

Ifølgje eit rundskriv frå Utlendingsdirektoratet (UDI) er det sett ei grense for når barnets beste skal vere avgjerande i asylsaker på minimum 4,5 års butid og eitt års skulegong. Då siste handsaming vart gjort hadde eldstedottera allereie 6 års butid, men ho mangla 2 månader på å ha fullført sitt første skuleår. Dermed vart barna ikkje teke omsyn til verken hos UNE, eller i tingretten.

– Det er nærast tilfeldig at ho ikkje oppfyller begge desse kriteria frå UDI. Ho overoppfyller kravet om butid, men det har UNE ikkje teke omsyn til. Dei har heller ikkje teke med i vurderinga lokalsamfunnet sine tydelege tilbakemeldingar om at barna er svært godt integrert.

Han meiner at dette er ei for rigid vurdering av UDI si utsegn. Det må også gjerast ei konkret vurdering, meiner han.

Opprørt domprost

Marta Botne

– Folk i Tønsberg er opprørte over at barn sin sårbare situasjon ikkje blir teke omsyn til. Desse små barna blir rivne opp frå trygge omgjevnader. Det strid mot rettskjensla til folk, seier domprost i Tønsberg Marta Botne til Vårt Land.

Ho er ein av dei som held appell på arrangement i Nordre Slagen Kyrkje. Der delar ho scene med fleire nasjonale og lokale artistar, som Heidi Ruud Ellingsen og Lars Bremnes.

– Engasjementet spring ut frå barn og foreldre som kjenner familien frå barnehage og skule, seier ho.

Ho har saman med Tunsberg-biskop Jan Otto Myrseth stått i spissen for det kyrkjelege engasjementet i saka. I vinter sende dei eit ope brev til dåverande familieminister Kjell Ingolf Ropstad om saka, med krav om handling.

– Dette er veldig alvorleg for rettsstaten Noreg. Det er brot både på grunnlova og på barnekonvensjonen som Noreg er forplikta til, seier ho

– Barns rettar er veldig skjøre i møte med styresmaktene.

---

Jesidiar

Amat Nasser Atman er jesidi frå Irak. Jesidiane er ei religiøs minoritetsgruppe i landet.

Som asylsøkar i Norge møtte ho Dakhwaz Khirto, også jesidi og asylsøkar.

Saman har dei tre born som er fødde i Noreg.

Utlendingsstyresmaktene meiner at ho har gitt feil opplysningar. Difor har ikkje ho og familien fått opphald i Norge.

Familien tapte saka i tingretten. No vert det samla inn pengar for å anke til lagmannsretten.

---

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter