Det blei eit liv, det likna ei bøn

Artisten og mennesket Ole Paus har etterlate seg gode minner og slitesterk musikk. No har tekstane hans om døden fått nytt liv.

BØN: Eg tenkte det allereie den gongen, då presten takka Gud for Ole Paus: Det blei eit liv for nasjonalskalden vår. Og det livet likna ei bøn, skriv Alf Kjetil Walgermo.
BØN: Eg tenkte det allereie den gongen, då presten takka Gud for Ole Paus: Det blei eit liv for nasjonalskalden vår. Og det livet likna ei bøn, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

For nokre år sidan møtte eg Ole Paus i Trondheim. Eg introduserte han for den då fem år gamle dotter mi og sa: «Dette er Ole, Noregs beste låtskrivar». Ole Paus protesterte ikkje, berre smilte lurt. Sidan møtte eg han aldri att. Han gjekk ut av tida i desember i fjor, tre månader etter at han fekk hjerneslag 76 år gammal.

Eg såg han ikkje att, men eg fekk delta i gravferda hans i Kulturkirken Jakob i januar i år. Her retta prest Sturla Stålsett ein takk til Gud for artisten – og for det Gud fekk gitt oss gjennom livet hans. Det var ei fin takkebøn. I sine mange år som artist brukte Ole Paus dei gudgjevne gåvene sine til å gje oss mykje. Ei rekke artistkolleger var med i gravferda for å hylle han, frå Sissel Kyrkjebø til Jonas Fjeld. Og barna hans heldt minneord som fortalde om ein far som hadde gitt mykje også på det personlege, menneskelege plan.

Om eg skulle trekke fram éi plate frå Ole Paus’ lange artistkarriere som har gitt meg mykje, måtte det bli «Det begynner å bli et liv, det begynner å ligne en bønn» frå 1998. Plata kom i stand som følgje av ein av dei mange godt tenkte ideane til den avgåtte leiaren for Kirkelig Kulturverksted, Erik Hillestad: Kva med å la Ole Paus’ tankar om døden møte salmetekstane til Hans Adolph Brorson? Den danske salmediktaren frå 1700-talet blir rekna som ein av dei store diktarane i den skandinaviske pietismen. Han har samtidig nådd breitt ut med julesongane sine, som «Mitt hjerte alltid vanker» og «Her kommer dine arme små». Brorson mista sju av dei 16 barna sine mens dei var i oppveksten, og var med andre ord godt kjent med døden.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS