Ute av verda
Katrine Heiberg har skrive ein reflektert og stilsikker diktdebut. Men samtid og samfunn er fråverande.
Språket og forholdet mellom identitet og kropp vert tema fleire stader, skriv vår kritikar om Katrine Heibergs debut.
Johannes Grytnes
Det er det lange opningsdiktet i debutanten Katrine Heibergs Det gule bladet, den svarte pupillen som gjer sterkast inntrykk på meg. Fleire av dikta som fylgjer, tek opp tema og bilete frå dette, varierer dei, og tilføyer nye trådar i ein vev som syner eit ungt menneske med mange spørsmål om fridom, fellesskap og einsemd, med meir.
LES OGSÅ: Vi spurte seks debutanter: Hva ønsker du å få til med skrivingen din?
Stilsikker