Tormod Torfæus: Den lærde islendingen på Karmøy

Tormod Torfæus gav oss vår norske historie, men har lenge vore gløymt. Takk vere Bergsveinn Birgisson vert han no løfta fram i lyset att.

Tormod Tofæus er islendingen som busette seg på Karmøy og skreiv historia om Noreg. No har forfattaren Bergsveinn Birgisson skrive bok om Tofæus. Resultatet er lysande, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Bergsveinn Birgisson er ikkje den første islending som har har slått seg til i Noreg og gjort ein stor innsats for norsk kultur og for kontakten mellom dei to søskennasjonane. I mellomalderen heldt norske kongar seg med islandske skaldar som dikta om deira dådar. Historikaren Snorri Sturluson kom over havet og knytte nær venskap med det norske aristokratiet, det vart kongesoge-forfattarens bane at han satsa på hertug Skule i striden mellom hertug og konge. Her har òg islandske romanforfattarar og lyrikarar budd i moderne tid, til dømes Kristmann Guðmundsson som skreiv sine bøker på norsk.

Eit oppkome

Dei er langt fleire, mange i norsk katolsk kyrkjesoge, men i seinare år er det først og fremst Bergsveinn Birgisson det handlar om når vi skriv om islendingar i norsk litteratur. Ikkje berre er det romanforfattaren, nei det er òg forskaren ved same namn: I ein og same person finst dette oppkome av diktekunst og vitskapleg lærdom som både Island og Noreg er blitt rikare av.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS