Tjukke slekta frå Dag Solstad

Dag Solstads nye roman er eit slektshistorisk, eksistensielt magedrag.

Dag Solstad er aktuell med den slektshistoriske romanen Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896. Det er ein både strålande og tidvis uleseleg roman, som kjem til å bli ståande, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Aldri har salmefrasen «slekt skal følge slekters gang» klunge så klart i norsk samtidslitteratur som i Dag Solstads nye roman, Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896. Det er ein umogleg tittel på ein roman, på same vis som Solstads prosjekt er eit umogleg prosjekt. I ein tekstvev like massiv som ein sementfabrikk (det byrjar på bokcoveret) følgjer Solstad morsslekta gjennom 300 år.

Det er snakk om mange – svært mange – namn. Tankane går til Leo Tolstojs Krig og fred, med sine hordar av bipersonar. Men Solstad er kanskje meir radikal enn Tolstoj. Det episke element, som ifølge forfattaren er uoppløyseleg, ligg verken i hovud- eller bipersonar. Hovudpersonen i Dag Solstads roman er slekta sjølv. Den uoppløyselege slektshistoria. Slekt skal følge slekters gang.

At det er snakk om Solstads eiga slekt, er eit argument for at den eigentlege hovudpersonen er Dag Solstad sjølv. Såpass sjølvopptekne er dei fleste av oss, at slekta er interessant fordi ho leier fram til oss sjølve; og til våre eventuelle barn. Dette ligg under, det er det nesten nøydt til, og i teksten merkar vi det gjennom forteljarens personlege kommentarar til ulike hendingar i slektshistoria. Perspektivet er Solstads, noko anna ville sjølvsagt gitt ei heilt anna bok. Samtidig peikar romanen i mindre grad på forfattaren enn på mylderet av liv som har gått framom han. I så måte er Solstads nye roman ein meir eksistensiell roman enn det meste anna som for tida blir skrive på norsk.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS