Storverk om det ­katolske Noreg og reformasjonen

Norsk historie må skrivast om. «Reformasjon uten folk» er ei grundig og velskriven bok som for fyrste gong samlar mellom to permar historia om trusskiftet i Noreg.

Henning Laugerud. Kunst- og kulturhistoriker ved Universitetet i Bergen. Han har arbeidet med og skrevet bredt innenfor europeisk idé-, kultur- og kunsthistorie fra middelalder til 1800-tallet. Har særlig arbeidet med religiøs mentalitet og kristendommens materielle og visuelle kultur i middelalder og tidlig nytid.
Kva skjedde – eigentleg – då Noreg formelt sett vart eit luthersk land? Det er ei storhending at vi no har fått ei grundig opprydding og utgreiing ved Henning Laugerud, skriv vår bokmeldar.
– Omsetjinga av Bibelen vart påbyrja i Håkon Håkonssons tid, med Stjórn, som er ei seinare nemning for ei omsetjing av Bibelen til gamalnorsk frå 1. Mosebok til og med 2. Kongebok. Ho finst i fleire manuskript, der dei eldste er frå 1300-talet, skriv vår kritikar. Her er ei side frå Stjórn.
– Omsetjinga av Bibelen vart påbyrja i Håkon Håkonssons tid, med Stjórn, som er ei seinare nemning for ei omsetjing av Bibelen til gamalnorsk frå 1. Mosebok til og med 2. Kongebok. Ho finst i fleire manuskript, der dei eldste er frå 1300-talet, skriv vår kritikar. Her er ei side frå Stjórn.
Publisert Sist oppdatert

I 2017 var det også her i landet stor feiring av 500-årsjubiléet for den lutherske reforma­sjonen. Etter det NTB kunne melda, og som mellom­ anna vart prenta i Dagen, var det den 31. oktober 1517 at Martin Luther hamra sine 95 tesar på slottskyrkjedøra i Wittenberg.

Den same artikkelen fortel at pavekyrkja den gong ikkje var det minste interessert i at folk skulle tenkja sjølv. Vidare står det at prest­ane heldt preikene på latin. Bibelen var ikkje­ tilgjengeleg på morsmålet og dei åndelege ­reglane bidrog til å halde folket nede. «Utøvelsen av religiøs makt var ikke noe vakkert syn (...)».

Dette er blant dei mytar om Den katolske kyrkja og den lutherske reformasjon som lever i beste velgåande.

Powered by Labrador CMS