Sjølvransaking på bar bakke
I Per Pettersons nye roman heng ei udefinerbar skuldkjensle som eit duvande slør i rommet. Romanpersonen Arvid Jansen kjenner Guds blikk i nakken.
Kjent romanperson: I den nye romanen sin har Per Petterson endå ein gong vendt attende til romanpersonen Arvid Jansen, som har følgd forfattaren sidan debuten.
Baard Henriksen
«Jeg bestemmer sjøl når det skal gjøre vondt, tenkte jeg, det har jeg alltid sagt og alltid ment, men jeg er plutselig ikke så sikker.» Sitatet frå Per Pettersons nye roman, Menn i min situasjon, viser både konsistensen og forskyvingane i eit av Noregs mest interessante forfattarskap. I Ut og stjæle hester frå 2003 hadde setninga «Du bestemmer sjøl når det skal gjøre vondt» ei nøkkelrolle, i ei forteljing der far-og-son-forholdet stod sentralt i handlinga. Denne gongen er romanpersonen sitt forhold til døtrene, og til seg sjølv, eit brennpunkt.
I den nye romanen har Petterson endå ein gong vendt attende til romanpersonen Arvid Jansen, som med unntak av Jeg nekter frå 2012 har følgd forfattaren sidan debutboka i 1987. Sjølv bestseljaren Ut og stjæle hester, som ikkje handlar om Arvid, verkar i Pettersons romanunivers å vere skriven av denne romanpersonen. Opningsavsnittet i denne internasjonalt prisløna boka stod på trykk allereie i romanen som kom ut tre år før, I kjølvannet. Samanhengen mellom Pettersons mange og sterke bøker kan vere på grensa til skremmande.
LES MEIR: Melding av Per Pettersons Jeg nekter
Bestill abonnement her
KJØP