Famlande roman frå Per Petterson

Den sterke forteljarstemma vaklar i romanen Jeg nekter.

Per Petterson lukkast ikkje heilt med sin nye roman, Jeg nekter. Han vil for mykje utan å finne posisjonen å fortelje det frå, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Få norske forfattarar er i stand til å fortelje som Per Petterson. Bøkene hans er prega av enkelt kvardagsliv, eksistensielle utfordringar og ei form for sympatisk «noir›. Ikkje rart at amerikanarane elskar han nesten like mykje som oss.

Etter høgdepunktet i forfattarskapen, romanen Ut og stjæle hester, vendte Petterson attende til romanpersonen Arvid i neste bok, Jeg forbanner tidens elv. Arvid har på sett og vis vore navet i Pettersons romanunivers, men ved utgivinga av denne boka antyda eg at Petterson snart burde gå vidare med eit anna persongalleri.

Det gjer han med Jeg nekter. Derimot er det overraskande å sjå at Petterson denne gongen ikkje klarer å dyrke fram den sterke forteljarstemma som har gått igjen i bok etter bok. I staden verkar han usikker, som om han nettopp har bevegd seg ut i ukjent terreng.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS