Rekalibrert demokrati

Bård Larsen skriv levande, godt og originalt om noko så grunnleggande som liberalt demokrati. Og det trengs.

Boka er liksom ein slags boks med vitaminar retta til dei som vil redde det liberale demokratiet, skriv vår kritikar om Bård Larsens bok.

2018 var på mange måtar eit godt år for bøker om demokratiets død, på engelsk omtalt som «death of democracy»-books. Trong vi endå ei, og attpåtil frå tenketanken Civita? Slik tenkte i alle fall eg då eg byrja å lese Bård Larsens essaybok. Eg fann ganske fort ut at eg tok feil. Larsens bok om prosjektet trengs.

Pedagogisk naudsynt

For kva er det Larsen prøver på i denne boka? Jo, det er eigentleg å rekalibrere oss som kallar oss demokratar til ei fornya forståing av kva det liberale demokratiet er og betyr. Det er jo eit omgrep det er lett å kaste om seg med, både for politikarar og aktivistar av ulikt slag. Kva det betyr, reint konkret, er det ofte vanskelegare å få tak på. Det er her Larsen gjer ein pedagogisk heilt naudsynt jobb.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS