Poetens draumebok

Terje Dragseths «loggbok» over eit år med draumar er fascinerande. Her vert det òg tydeleg kor nært draumen og diktet står i medvitet.

Terje Dragseth har ført dagbok over draumane sine i eit år og lagt dei fram i bokform.
Publisert Sist oppdatert

Draumar og draumetyding har oppteke menneska sidan uminnelege tider. Dei har vore tolka som varsel, teikn og openberringar frå ei anna verd eller frå eit anna medvitsplan enn det som vert openberra for forstanden i den fysisk-mekanisk “synlege” dagverda.

Når Terje Dragseth no offentleggjer Drømmeboka som han har gjeve undertittelen «En okkult dagbok», plasserer han seg i ein stor tradisjon med draumeforteljingar. Ordet okkult tyder skjult, og treng ikkje ha noko med dei mange okkultistiske system å gjera. Eg tolkar heller ikkje Dragseths bok i den retning.

Draum og draumetyding

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS