På innsida hos Nusra-fronten
Krigen i Syria er komplisert med store dosar vondskap på alle sider. Martyrene prøvar å gje inntrykk av noko anna.
– Forfattaren er relativt open om at han sjølv er muslim, og vi får heile vegen lese små drypp med hans perspektiv på det syriske regimet, USA, ISIL og sekulære syriske opprørsgrupper, skriv vår kritikar.
Jan Alsaker
Det er fascinerande å få kome bak kulissane til krigen i Syria, inn i romma der dei mange Youtube-videoane frå islamittiske terrorgrupper vert spela inn. Pål Salahadin Refsdals prosjekt med boka Martyrene er i så måte prisverdig. Boka er i tett slektskap med dokumentarfilmen Dugma – The button som Refsdal vann Amandaprisen for beste dokumentarfilm i 2016. Den gongen portretterte Refsdal eit knippe sjølvmordsbombarar, og fleire av desse får vi følge tett i boka òg. I seg sjølv er dette så interessant at boka bør lesast for å forstå dette uforståelege fenomenet.
Nært og unikt
Refsdal konsentrerer seg i boka om dei jihadistiske krigarane i Nusra-fronten. Vi får følge dei medan gruppa går frå å vere ei opprørsgruppe på offensiven i starten av borgarkrigen, til å bli blant gruppene som ofrar hundrevis av martyrar ettersom ISIL og etter kvart det syriske regimet tek tilbake kommandoen. Vi følger gruppa frå den er ein del av al-Qaida, til den bryt med den ytterleggåande terrororganisasjonen.