Omsider eit kvinneperspektiv frå Knausgård
Med Fuglene under himmelen skriv Karl Ove Knausgård seg opp mot Kierkegaard, Peer Gynt og den bibelske Bergpreika. Han nærmar seg Guds rike med kvinneleg perspektiv.
Fuglene under himmelen dannar utgangspunktet for teaterførestellinga , som nyleg hadde premiere på Festspela i Bergen. – Koplinga til Solveig er tydeleg, sjølv om det ved første augekast ikkje verkar slik, skriv Alf Kjetil Walgermo.
thor brodreskift
Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel.
Karl Ove Knausgård nye bok, Fuglene under himmelen, spring ut av Det nye testamentet, slik romanen En tid for alt (2004) sprang ut av Det gamle. Overraskande er det ikkje. Så seint som for eit halvt år sidan skreiv eg eit bokessay her i avisa om Knausgårds kamp med Gud gjennom ein samla forfattarskap. Der viste eg at dei fleste av bøkene hans, ikkje berre En tid for alt, i stor grad interesserer seg for bibelske tematikkar og spørsmålet om Gud. Det same er altså tilfelle for Fuglene under himmelen, som går så langt som til å diskutere Guds rike. Å, som det spritar opp samtidslitteraturen!
Bibelen og Kierkegaard