Når mennesket vil vera Gud
Frå sin stad tidleg på 1800-talet såg Mary Shelley inn i det vi i dag diskuterer om genmodifisering og bioteknologi. Forfattaren av klassikaren Frankenstein har no fått ein framifrå biografi.
Populært monster: Boris Karloff spelte hovudrolla som Frankensteins monster i regissør James Whales film Bride of Frankenstein frå 1935. Mary Shelleys klassiske roman Frankenstein er blitt filmatisert ei rekke gonger.
Det er i år 200 år sidan ein anonym engelsk forfattar gav ut ein roman som sjokkerte si samtid og som framleis kjem ut i nye opplag over heile verda: Frankenstein; or The Modern Prometheus. Mary Shelleys Frankenstein er ein klassikar, og ikkje minst har dei mange filmatiseringane gjort det skremmande monsteret til eit felles referansepunkt på line med den jødiske Golem-skapnaden. I litteraturhistoriske framstillingar blir romanen ofte nemnt som den fyrste science-fiction-romanen eller som den fremste grøssar-romanen. Eg les han som eit visjonært skrift.
Men kven var eigentleg forfattaren av romanen om Frankenstein og hans monster?
Litterær stjerne