Livet er ikkje ein annan stad

Strålande reiseessays for alle – bortsett frå dei som vil ha gode råd og tips til turen.

TIL STADES: Essaya inneheld i liten grad slikt stoff som reisebøker vanlegvis er vevd av, som praktiske opplysingar, lærerike møte med lokalbefolkninga og skildringar av turens høgdepunkt. Til gjengjeld er han som skriv tydeleg til stades gjennom det heile, skriv vår anmeldar om Geoff Dyers bok .
TIL STADES: Essaya inneheld i liten grad slikt stoff som reisebøker vanlegvis er vevd av, som praktiske opplysingar, lærerike møte med lokalbefolkninga og skildringar av turens høgdepunkt. Til gjengjeld er han som skriv tydeleg til stades gjennom det heile, skriv vår anmeldar om Geoff Dyers bok .
###
Publisert Sist oppdatert

Geoff Dyer er ein forfattar det ikkje er lett å setje i bås. Som essayist skriv han nesten alltid om noko anna og på ein annan måte enn lesaren forventa. Dessutan er han usedvanleg god til å høyre og sjå: Svært mykje av det han skriv inneheld kunnskapsrike og begeistra betraktningar om ulike visuelle kunstutrykk, alt frå landskapskunst til fotografi. Eg har dessutan ein mistanke om at noko av det unike ved skrivemåten hans er at den er modellert over den moderne jazzens formspråk.

Har du ikkje høyrt om Geoff Dyer, seier du? Det er du ikkje aleine om. Eg har gode nyheiter til deg: Då har du mange gode lesetimar i vente. Forlaget Flamme har dei siste åra gjort ei svært fortenestefull jobb ved å gje ut tre bøker av han, i svært lesbare omsetjingar av Bjørn Alex Herrmann. Den første, En ren besettelse, handla om forsøket på å skrive ei bok om forfattaren D.H. Lawrence. Den andre er ei mangfaldig samling av essays, Det jeg egentlig ville si. Årets utgjeving med den stilige tittelen Vi er her for å dra et annet sted er ei samling av såkalla reiseessays er eigentleg to bøker i ei. Den første, Yoga for folk som ikke gidder å drive med det, vart publisert i 2003. Den andre, White sands, utkom tretten år seinare. På denne måten er det mogleg å observere at det har skjedd noko med den som skriv i løpet av desse åra.

Ein annan stad

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS