Knausgårds metode

Karl Ove Knausgård skriv sympatisk, undrande og av og til litt kjedeleg i si nye bok, Om høsten.

Karl Ove Knausgård er ein av dei mest sannsynlege norske kandidatane til nobelprisen i litteratur, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo. Men i boka er forfattaren ikkje på sitt aller sterkaste.
Publisert Sist oppdatert

Så er han her igjen, Karl Ove Knausgård. To år etter den glitrande essaysamlinga Sjelens Amerika, og fire år etter siste bok i det voluminøse Min kamp-prosjektet, er forfattaren aktuell med to bøker i haust. Den første, Om høsten, kjem ut i dag. Om vinteren kjem etter planen i november. Til saman skal det bli fire nye bøker, titulerte etter dei fire årstidene, der Knausgård viser fram verda for eit enno ufødt barn.

«Brev til en ufødt datter», skriv Knausgård, ei dotter som skal få namnet Anne. Gjennom ei rekke korte tekstar skildrar han verda til den ufødde dotter si, slik stolte fedrar finn glede i å fortelje barna sine korleis tinga heng saman.

Men, som forfattaren raskt innrømmer: «... det er selvsagt først og fremst for min egen skyld jeg gjør det: å vise deg verden, lille du, gjør livet mitt verdt å leve.»

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS