Gjentatte forsøk
Karl Ove Knausgårds essayistiske kraft er så stor at ho risikerer å bli ein snublestein i forfattarskapen hans.
Karl Ove Knausgård er på sitt beste når den indre motiveringa står tydeleg fram for lesaren, som i det sydande essayet mot dei politiske korrekte svenskane, kyklopane, som har gitt tittel til essaysamlinga .
Roald, Berit
Knausgårds styrke er også svakheita hans. Denne tanken melder seg under lesinga av den nye essaysamlinga, I kyklopenes land. Tekster 2009–2018. På dei ni åra denne boka samlar tekstar frå, har Knausgård gått frå å vere ein kritikarrost forfattar i heimlandet til å bli eit av dei største namna på den internasjonale arenaen. I 2009 kom det første bandet av Min kamp, det same året blei han nominert til IMPAC Dublin Literary Award for En tid for alt. Herfrå har det berre gått ein veg. Knausgårds stjerne er i dag den sterkaste på widescreenhimmelen han ein gong skreiv om på forfattarskulen.
Den litterære kvaliteten i dei tolv bøkene hans frå 2009 til 2018 (inkludert årets essaysamling, men ikkje samarbeidsbøkene) har vore ein smule ujamn, frå det mest briljante til det temmeleg banale. Dette synest også å vere i tråd med poetikken, som ber med seg essayistikken kongstanke om teksten som eit forsøk. I Knausgårds tilfelle er dette nesten alltid eit forsøk på å trenge inn til det karakteristiske, og eit forsøk på å skrive seg fri.
Sydande kritikk