Fanga under jorda
Grensesprengande frå dagens Tyrkia om forteljinga og fantasien sin kraft.
Forfattaren Burhan Sönmez veit kva han skriv om. Han har sjølv vore arrestert og blitt mishandla i Tyrkia, skriv vår kritikar.
LUAY ALBASHA
Den tyrkisk-kurdiske forfattaren Burhan Sönmez sin siste roman Istanbul Istanbul handlar om ti dagar i livet til fire menn som er innesperra i ei to kvadratmeters lita celle tre etasjar under Istanbul. Det høyrest unekteleg ut som eit opplegg til ein både klaustrofobisk og smal roman. Men ein treng ikkje lese mange setningar før ein skjøner at boka tvert om er grensesprengande, medrivande og til og med morosam.
I ei mørk celle
Ein student, ein lege, ein barberar og ein gammal mann frå landsbygda ventar på nye forhøyr og meir tortur. Imens får dei tida til å gå i den kalde og mørke cella ved å fortelje kvarandre historier. Ikkje berre for å få tida til å gå, viser det seg snart, men også for å få tida og livet til å henge saman og for å kunne halde ut.