Ein biletdiktar
Tysk poet som skjerpar sansane og får oss til å sjå det store i det småe og samanhengar mellom alle ting og fenomen.
Den tyske poetet Jan Wagner har vore kalla religiøs diktar, det tykkjer eg er for mykje sagt, meiner vår kritikar.
Heidi Marie Lindekleiv
'Imagisme' er kanskje rette ordet for den fabelaktig rike biletdiktinga vi har fått på norsk med Asbjørn Stenmarks gjendikting av tyske Jan Wagner.
Selvportrett med bisverm heiter samlinga, og ho er ikkje oppsiktsvekkjande ved ytre form eller utfordrande tema, men i høgste grad uvanleg ved at dette – enkelt sagt – er meisterleg formidling av syn: Utfordringa ligg ikkje i kompliserte tankebygnader eller formell eksperimentering, men ved at Wagner lyfter fram i diktets biletspråk gjenstandar og samanhengar mellom ting og fenomen som vi anten ikkje har sett før – eller som vi har trudd var så uvesentlege at vi har gløymt dei. Jan Wagners poetiske gjerning er å få oss til å sjå det store i det småe, det rike i det tilsynlelatande så fattigslege. Og han tvingar oss til å sjå korleis alle fenomen ber i seg ei opning eller drift mot noko overskridande.
Med-diktinga