Disiplinert og folkeleg Erdogan–thriller
Boka Nilas Johnsen har skrive om Erdogan er så god at den bør lesast av absolutt alle som vil forstå det nye Tyrkia og landets sterke mann.
Stadig meir autoritær: – Det er så mange lag med motsetningar og kulturelle kodar som må tolkast i Tyrkia, skriv vår kritikar om Erdogan – Tyrkias nye sultan. Hovudforteljinga i boka følger livet til Erdoğan frå vugge til presidentpalass. Bildet er frå 2017.
STF
Nilas Johnsen kunne ikkje ha vald eit betre tidspunkt for å jobbe i Tyrkia, enn det han gjorde. Han kom til verdsbyen Istanbul som VG sin korrespondent i god tid før militærkuppet i 2016, og har sidan vore på første seterad i førestillinga om Tyrkia som strammar grepet i autoritær retning. Hovudpersonen i førestillinga er ingen ringare enn Recep Tayyip Erdogan.
Inne i Erdogans hode
Det spektakulære kuppforsøket, utreinskingane frå militæret og akademia, dei stadig grovare menneskerettsbrota og ei rekke andre hendingar som kunne vore henta frå ei kva som helst spenningsroman, har utspelt seg i Tyrkia den perioden Johnsen har rapportert frå landet. At dette måtte bli ei bok, var ei sjølvfølge. At den skulle bli så bra er ikkje like sjølvsagt. For som Johnsen skriv: «Det tyrkiske samfunnet er langt mer komplekst og fengslende enn jeg hadde forestilt meg. Tyrkia ses på som orientalsk og islamsk fra Europa, men som sekulært og vestlig fra den arabiske verden. Sett innenfra er tyrkernes identitet preget av motsetninger og kulturkamp. Likevel finner man den samme flammende nasjonalfølelsen blant kosmopolitter i storbyen som blant de konservative på landsbygda.» Tyrkia er komplisert. Særs komplisert.