Denne klassikaren framstår i dag som ein nyskapande feministisk, gotisk skrekkroman
KLASSIKER: Å lese den nye, norske utgåva av Emily Brontës Stormfulle høgder er ein urovekkjande og medrivande måte å starte nye året på.
Maleri av Brontë-søstrene, malt av Branwell Brontë.
Den italienske forfattaren Italo Calvino skriv i eit kjent essay at klassikarar er slike bøker som folk seier at dei les om att eller på nytt. Til skilnad frå litteratur elles, altså, som vi berre seier at vi les. Stormfulle høgder frå 1847 er utan tvil ein klassikar. Etter å ha spurt nokre leseglade venner, viste det seg at ikkje alle, om dei var heilt ærlege, har lese boka. Men mange har sterke minne om filmatiseringane og kjenner Kate Bush si dramatisering av det stormfulle forholdet mellom Heathcliff og Cathy i pop-låta Wuthering Heights. Det dreier seg altså om måten folk talar om litteratur på, ikkje berre om kva dei faktisk har lese. Dessutan kjem det stadig unge førstegongslesarar til. Det gjer at Calvino går vidare med å seie at klassikarar er bøker som toler å bli lese om igjen, som faktisk ikkje berre toler det, men som er i stand til seie lesaren noko nytt.
Klasse og språk
Ragnar Hovland og Øystein Vidnes har med presisjon omsett den engelske grunnteksten til eit nynorsk som gjer at den historiske forteljinga framstår som ein svært lesverdig samtidsroman. Omsetjarane har vald å gjere bruk av førsteutgåva der Emily Brontë mellom anna gjengir det dei lokale arbeidsfolka seier med ei midtengelsk dialekt. I norsk språkdrakt snakkar mellom anna tenaren Joseph eit klangfullt, men ikkje alltid lett forståeleg sognamål: «Eg lure pao kålais du kan fao’reg te å berra stao dar gjerandslaus og verre enn da, naor adle’ri andre ha gaott ut!»