Bok om Shakespeare er nesten profetisk aktuell om eit splitta og delt USA
Shakespeare fungerer som eit fininnstilt måle-instrument for å få auge på kva som er i spel i eit USA som alltid har vore, men stadig meir framstår som delt og splitta.
Ein demonstrant og politimann tek kvarandre i handa under ein protestmarsj i New York 2. juni. James Shapiro brukar Shakespeare til å forstå samtidas konfliktar.
Wong Maye-E
ANMELDT AV ROLV NØTVIK JAKOBSEN.
Fjernsynsreportasjane frå USA den siste veka, er nesten ikkje til å forstå. Ein svart mann blir drept av fire politimenn og sinte demonstrantar gjentek dei siste orda hans: «I can't breathe». Den kvite presidenten overgår seg sjølv i å helle olje på elden, ved kompromisslause twitter-meldingar og også ved teatrale gester som å halde opp ein bibel framfor ei kyrkje som står for heilt andre verdiar enn han sjølv. Korleis skal vi forstå dette oppdemte sinnet og aggresjonen og disse bilda av eit USA som er i ferd med å revne i to?
Une Bratberg kommenterer: – Kirken blir redusert til et bakteppe for Donald Trump. Det ser ikke bra ut.