«Blikket» er ei utmerka bok å gå inn i fastetida med

Fortetta forteljingar om dei korte augeblikka då alt står på spel og det dirrar.

– Mange av forteljingane set ord på korleis det er å sjå uventa glimt av lys i alt det mørke, skriv vår kritikar om Oskar Stein Bjørlykkes nye bok. Foto: Thomas Haugersveen/Arkiv
Publisert Sist oppdatert

Skal vi tru undertittelen på Blikket, den siste boka til Oskar Stein Bjørlykke, er dette for­fattarens debut som novelleforfattar. Men det er på ingen måte ein skjønnlitterær debutant vi har å gjere med. Bjørlykke har for mange av oss vore der som forfattar heilt frå vi starta å lese vaksne bøker. Eg kjenner fleire som stadig kan sitere klurar frå diktsamlinga Hans Klure som kom ut for nøyaktig 45 år sidan.

Prosa eller poesi

Bjørlykke er født i 1949 og det er altså duka for fleire diktarjubileum dette året. Etter debuten med diktsamlinga Deg høyrer dagen til i 1966 har han gitt ut bøker i ulike sjangrar:­ Romanar, forteljingar og dikt samt fleire bøker for barn. Dette er ein forfattar som aldri har vore opptatt av det store formatet. Det er han heller ikkje i årets bok.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS