Aftentid, og mørket stiger
Ole Asbjørn Ness har skrive ein ambisiøs roman om jakta på meining, kjærleik og religion på nittitalet. Boka kastar lys, men også skugge, over vår eiga uoversiktlege samtid.
Allsidig: Ole Asbjørn Ness er utdanna siviløkonom og har yrkeserfaring som råvaremeklar, stuar, journalist, redaksjonssjef, IT-gründar og kraftanalytikar. No er han aktuell med sin andre roman. Foto: Aschehoug
Daniel vil bli rik, «så rik at han kan be hele verden dra til helvete». Hanna vil bli skodespelar og dramatikar. Kateb vil bli ein kjend forfattar. Romanen Aftenlandet gir ei inngåande skildring av korleis det går når desse store ambisjonane møter røyndomen i nittitalets Europa. Denne omfangsrike romanen om vår nære europeiske fortid skildrar skuggesidene ved det moderne livet på både mangefasettert og tankevekkande vis.
Gudlaus verd
Dei tre romanpersonane, som alle er i tjueåra, har sine indre demonar å kjempe med: Daniel er blitt misbrukt av mora si. Hanna kjenner stadig sterk skuld for at ho gikk med på å abortere det barnet Daniel var far til. Kateb blir fengsla og torturert i heimlandet Algerie fordi han har husa venen Omar, ein terrormistenkt islamist.