Viktig og djupt rørande om muskelsjuk gamer
Dokumentarfilmen «Ibelin» tar eit kraftfullt oppgjer med minst to typar fordommar. Du går ikkje urørt frå denne.
RELASJONAR: I dataspelet World of Warcraft kjente den muskelsjuke Mats «Ibelin» Steen (avatar t.h.) seg fri. Han hadde mange nære relasjonar i spelet, til dømes til Lisette «Rumour» Roovers (avatar t.v.).
Euforia film
Den rørande forteljinga om den muskelsjuke gameren Mats «Ibelin» Steen blir formidla på aller beste vis i Benjamin Rees nye dokumentarfilm, Ibelin. Filmen fortel historia om ein gut som var lenka til rullestolen med sjukdomen Duchennes, tilsynelatande utan vener og sosialt liv. Så viste det seg likevel at Steen, eller Ibelin som han kalla seg i den digitale verda, hadde eit rikt og mangfaldig liv på innsida av spelet World of Warcraft. Her hadde han vener, her hadde han ein gjeng, her flørta han med jenter og sprang fritt rundt i skogar og vakre bylandskap kvar einaste dag. Foreldra ante ikkje dimensjonane av nettverket hans. Først då sonen døydde i 2014, begynte mora og faren å forstå rekkevidda av livet den muskelsjuke guten hadde levd på nett.
Filmen som har norsk kinopremiere fredag 8. mars, har allereie fått prisar og mykje merksemd i utlandet, blant anna på Sundance Film Festival i USA. Det er ikkje utan grunn. Filmen har ein sjeldan emosjonell appell, og rører meg tårer utan at han kjennest sentimental.
Imponerande gjenskaping