Usakleg og emosjonell bokkritikk
Det er ikkje rekna som god skikk å svara på dårlege bokmeldingar som forfattar. Eg gjer det likevel, for eg har ingenting å tapa, og vil heller bruka røysta mi.
USAKLEG LESING: Anne Kalvig meiner at meldinga av «Kjønnstru» framstår som emosjonell, der debattar, døme og folk Andreas E. Masvie (bildet) ikkje likar, har hindra han i å gjera ei sakleg lesing av boka.
Erlend Berge
Eg meiner meldinga «En forspilt sjanse om kjønn» er urimeleg, og stoggar, i staden for å opna opp for debatt. Vårt Land sørga for at meldinga – der bodskapen er at eg ikkje er til å stola på – fekk ein framtredande plass og genererte klikk ved Google-søk.
Andreas E. Masvie, som sjølv har publisert kritisk journalistikk om kjønnsteori formidla til barn, meiner at boka mi er urimeleg. Den kunne vore viktig, men er det ikkje, slår han fast, fordi den er publisert på eige forlag, tilsynelatande ikkje har hatt redaktør eller innspel frå andre, og fordi eg innimellom illustrerer sakskomplekset med døme Masvie ikkje liker.
I staden for å gje ei heilskapleg vurdering av boka, slår Masvie enkelt fast, med basis i det ovannemnde, at boka er for ei bittelita meinigheit. Eg trur faktisk ikkje dette er i tråd med oppdraget Masvie fekk då han skulle skriva bokmelding.
Bestill abonnement her
KJØP