Sterk undergangsvisjon frå Etel Adnan
«Arabisk apokalypse» er ei uvanleg sterk og godt omsett diktsamling om menneskeleg liding, svik og krig.
BEIRUT 1982: Palestinarar minnast ofra for massakren i flyktningleirane Sabra og Shatila. Ein kjerne i Etel Adnans diktverk er borgarkrigen i Libanon og lagnaden for palestinarane.
Bill Foley
Heldigvis, må eg seia, byrja eg denne gongen med å lesa etterordet før eg gav meg i kast med boka. For det dreier seg om eit komplisert stykke litteratur med referansar til ei uvanleg stor mengd av ulike tradisjonar, kulturuttrykk, vitskapar og historiske hendingar.
Eg skriv om Etel Adnans diktsamling Arabisk apokalypse, omdikta frå fransk av Ida M. Andenæs og Gunstein Bakke. Etterordet eg nemnde er skrive av Andenæs, og dét er eit glimrande skriftstykke, ein nøkkel som får storparten av teksten til å opna seg for meg.
Spennvidde