Simen B. Hagerup imponerer med fantasikrafta si
Hagerups romandebut Jordverv er både eit godt døme på og ein peikar vidare mot eit interessant felt i den norske skjønnlitteraturen.
ORIGINALT OG IDÉRIKT: Simen B. Hagerups «Jordverv» er både eit godt døme på eit interessant felt i den norske skjønnlitteraturen: det fantastiske, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Kolon
Norsk science fiction har nettopp fått fornya merksemd gjennom ein artikkel Jørn A. Jensen har skrive på oppdrag frå det kinesiske tidsskriftet World Science Fiction Frontiers, nyleg tilgjengeleggjort på Jensens nettstad futuritum.com. Artikkelen ein god påminnar om at norsk skjønnlitteratur er meir enn strikt sosialrealisme, faktisk er det påfallande mange innslag av fantastiske element i den norske litteraturen.
Samtidig er den idérike forfattaren Simen B. Hagerup klar med romandebuten sin, Jordverv, omtalt av forlaget som ein fantasyroman for vaksne. Eg skal ikkje her gå inn i ein sjangerdiskusjon om boka like godt kunne vore kalla for ein sci-fi-roman. Poenget er uansett at Hagerups bok plasserer seg innanfor den fantastiske litteraturen, i godt selskap med andre forfattar som lar det fantastiske springe ut av det realistiske. Eit førebilete for Hagerup er ikkje minst den amerikanske forfattaren Ursula K. Le Guin, som mellom anna har skrive bøkene om Ekumen og Jordsjø.
Lort i verdsrommet