Samlemani og sjølvsamling hos Thure Erik Lund
Forfattaren sin hovudperson har eit klart blikk på eigne forskrudde sider. Men går i sirklar rundt seg sjølv.
Thure Erik Lund er ein av dei fremste forfattarane i Noreg. Med En trist og dum historie har han skrive enno ei god bok, men han er ikkje alltid på høgde med seg sjølv, meiner vår meldar.
Aschehoug
Her gjeld det å samle seg. Det har kanskje fleire av oss tenkt til tider. For hovudpersonen i Thure Erik Lunds nye roman, En trist og dum historie, er innsikta likevel prekær. Eksentrikaren, eks-finansmannen og eks-samlaren Eugen Hanssen har rota bort livet sitt i eit forsøk på skape ei verdssamling av odde kunstgjenstandar. Hanssen har bygd eit digert museumsbygg på Modum, ein dysfunksjonell koloss der han har samla kunsten sin i haugar og pappesker. Eit skrotnisseprosjekt, kunne ein seie. Iallfall fullstendig ute av synk med rådande normer innan konservering, museologi, kunstformidling. Sjølv luftanlegget manglar i Hanssens kråkeslott.
Det gjer det også i Lunds tekst. Forfattaren serverer 200 tettpakka sider med enkel handlingsgang og dess meir innfløkt tankespinn. Det er lite luft her. Men kapittelinndelinga sørgjer for nokre sårt tiltrengte pustepausar undervegs.
Manisk litteratur. Thure Erik Lunds romanar har lenge hatt maniens kjenneteikn: tankekverninga, den sterke insisteringa på nøkkelord, nyspråkleg høgenergi og lett uforståeleg kvasifilosofi. Det eskalerte gjennom fire Myrbåten-romanar og toppa seg i det grandiose verket Straahlbox frå fjoråret. Der hevda forteljaren (og faktisk også forfattaren!) å vere talerøyr for ein høgteknologisk framtidsinstans, ei kunstig intellektuell språkmaskin, som nedfelte språket i han. Ein artig sci-fi-vri på den romantiske forfattarmyten, med andre ord.