Rikt Segl om østkykrja
Det er mykje å lære i det katolske tidsskriftet. Men eg kunne ønska meg meir om dei politiske bindingane til den ortodokse kyrkja.
MELDING: Dei aller fleste, også protestantar, vil finne noko dei ikkje viste frå før her, kanskje også noko å bli inspirert av, skriv vår meldar om det katolske årsskriftet SEGL.
Erlend Berge
Den siste utgåva av det katolske tidsskriftet SEGL handlar om dei ortodokse kyrkjene. Det leseverdige og mangfaldige nummeret tek utgangspunkt i ei førestilling om at austleg og vestleg kristendom saman utgjer kristenheitas to lunger. Det blir ikkje heilt klårt for lesaren kva dette kroppslege biletet eigentleg inneber.
Heilag misunning
Utan at det på noko vis blir gjort noko nummer ut av det, er dette så vidt eg kan skjøne den tiande utgjevinga av SEGL, katolsk årsskrift for religion og samfunn. Etter fjorårets temanummer om forholdet mellom jødedom og kristendom er det denne gongen dei austlege kyrkjene som tema. Ifølgje det klårgjerande forordet til redaktøren Peder K. Solberg er ambisjonen bak denne utgjevinga ikkje «å gi et dekkende bilde av østkirkenes mangfoldige tradisjoner», men å presentere artiklar der «både skjønnhet og dufter fra disse tradisjonene forhåpentlig får vekke både nysgjerrighet og kjærlighet til disse». Det er ei god målsetning for alle samtalar mellom religiøse tradisjonar, å fokusere på det vi enten ikkje veit eller som formidle kjensler av heilag misunning til det vakre og fine i dei andre sine religiøse uttrykk.