Oppsiktsvekkande godt og spektakulært dårleg frå kristen forfattarhøvding

ANMELDELSE: C. S. Lewis har fengsla mange lesarar med barnebokserien om Narnia og sine kristne apologetiske bøker. Som science fiction-forfattar er han både oppsiktsvekkande god og spektakulært dårleg.

C.S. Lewis står bak science fiction-trilogien Malacandra, Perelandra og Thulcandra, som no er ute på norsk.
ROMTRILOGIEN: Den britiske forfattaren C.S. Lewis står bak science fiction-trilogien Malacandra, Perelandra og Thulcandra, som no er ute på norsk.
Publisert Sist oppdatert

Mange av Vårt Lands lesarar vil vere godt kjende med delar av forfattarskapen til britiske C.S. Lewis. Lewis har vore ei bjelleku for intellektuell kristendom også i Noreg, ein ordsmart og sylskarp apologet (trusforsvarar) som har nådd ut til dei store lesande massane med fantasybøkene om Narnia. Løven, heksa og klesskapet er ein klassikar i barnelitteraturen. Det same er Se det i øynene (Mere Christianity) innanfor sakprosaen.

Under imprintnamnet Veritas har Lunde forlag no gitt ut dei tre bøkene i den litt mindre kjente Romtrilogien. Sjølv om dei to første bøkene i trilogien har vore gitt ut på norsk tidlegare, omsett av Randi Brun Mannsåker, er det prisverdig av Lunde å gjere dei tilgjengelege på nytt. Samtidig blir tredje bok i trilogien no gitt ut for første gong på norsk, omsett av Andreas Kristiansen.

Opnar godt, sporar av

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS